Hopp til innhold

Fryktar gruvemillionar skal gleppe

Naustdal og Askvoll kommunar er skuffa over Sogn og Fjordane fylkeskommune som ikkje satsar meir på gruveindustri.

Smilande Ap-ordførarar

FRYKTAR: Naustdal-ordførar Håkon Myrvang (t.v.) fryktar fylket kan tape store gruvepengar om ikkje fylkeskommunen kjem på bana.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

I ein ny plan som skal styra korleis dei offentlege næringskronene skal brukast, er mineralnæringa knapt nemnd.

Ordførar i Naustdal, Håkon Myrvang (Ap), fryktar fylket er i ferd med å gleppe på ein historisk sjanse for å støtte opp under ei ny stor næring.

– Vi har ei historie som viser at vi har 30 prosent av olje- og gassressursane utanfor fylket, og vi set att med ein prosent av sysselsettinga. Slik må vi ikkje gjere no. Vi må vere på bana og få med oss det som skjer innan næringa som no kjem til landet for full musikk, seier han.

– Må på bana

Metall og mineral i bakken her til lands er verdt 1400 milliardar kroner. Høgare prisar og auka etterspurnad gjer at internasjonale gruveselskap har kasta augo sine mot Norge.

Myrvang meiner gruvedrifta har fått ein for liten plass i den nye fylkeskommunale verdiskapingsplanen som no er ute på høyring.

Han fryktar gruvepengane kan forsvinne ut av fylket om ikkje Sogn og Fjordane fylkeskommune kjenner si gjestingstid.

– Det var nemnt med eitt lite ord, at det kan nyttast til Co2-binding. Det tykkjer eg er for lite, seier Myrvang.

Pengar går tapt

Sjølv arbeider Myrvang for å vinne ut mineralet rutil av Engebøfjellet i eigen kommune.

– Ser ein berre reint på mineralprosjektet i Naustdal, så snakkar vi over 400 direkte og indirekte arbeidsplassar, seier han.

Det offentlege brukar kvart år 600 millionar kroner på næringstiltak i Sogn og Fjordane. Ein ny verdiskapingsplan skal vere med å styre kvar næringspengane blir brukte.

Næringsdirektøren forsvarar

Jan Heggheim, fylkesdirektør næringsavdelinga, Sogn og Fjordane Fylkeskommune

FORSVARAR: Jan Heggheim er fylkesdirektør ved næringsavdelinga til Sogn og Fjordane Fylkeskommune.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Fylkesdirektør for næring, Jan Heggheim, seier at fylkeskommunen arbeider med eit oversyn over mineralressursane i Sogn og Fjordane.

Han forsvarar at denne næringa ikkje har meir sentral plass i planutkastet.

– Det finnast mange representantar for næringar, sterk industri og delar av fylket som nødvendigvis ikkje vil finne seg sjølve nemnde i planen. Men dei viktigaste tema i planen er næringsnøytrale. Det gjeld uansett kva du driv med, også når det gjeld mineral, seier Heggheim.