Hopp til innhold

Professor fryktar fylket kjem i bakleksa

Fylkespolitikarane har i lengre tid vore inkompetente og Sogn og Fjordane vil hamne fullstendig i bakleksa. Det meiner professor Frank Aarebrot som meiner fylket har vore strukturelt vanstyrt.

Frank Aarebrot

BAKEVJA: Professor Frank Aarebrot forstår godt at folk i Sogn og Fjordane fryktar dei skal hamne i bakevja.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Fleire har uttrykt uro for at Sogn og Fjordane knapt har folk i det nye regjeringsapparatet.

Aarebrot forstår at folk er uroa for utviklinga av fjordfylket, og trur situasjonen blir ytterlegare forverra fordi Liv Signe Navarsete misser den viktige posisjonen sin i regjeringa.

– Om folk i Sogn og Fjordane fryktar å kome i bakevja, så er det ein grunngitt frykt. Eg er litt engsteleg for fylket.

– Det er eit lite fylke som ikkje kan rekne med å ha statsrådar i ei kvar regjering, men eg ser ikkje noko håp om at fylkespolitikarane vil vere i stand til å reise kjerringa og kompensere for den manglande representasjonen på sentralt hald, seier Aarebrot.

– Strukturelt vanstyrt

Medan folketalet i dei tre vestlandsfylka Rogaland, Hordaland og Møre og Romsdal sidan 1980 har auka med nærare 290.000 innbyggjarar, har Sogn og Fjordane opplevd nærast stagnasjon.

I vårt fylke har folketalet i same periode auka med beskjedne 4000, til om lag 109.000 innbyggjarar. Fylkespolitikarane har seg sjølve å takke, seier Aarebrot.

– Eg synst fylket er strukturelt vanstyrt. Det er det einaste vestlandsfylket som ikkje satsar på kystområda på ein skikkeleg måte, seier professoren.

– Han lager sitt eige bilete

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes

LEI: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) er lei av det ho kallar forståsegpåarar som snakkar fylket ned.

Foto: Arne Stubhaug / NRK
Frank Willy Djuvik

STØTTAR KRITIKKEN: Fylkesleiar i Frp, Frank Willy Djuvik.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK
Arve Mjømen

FEILSLÅTT: På mange måtar, seier Arve Mjømen, fylkesleiar i Høgre.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes meiner situasjonen i fylket er langt frå så dyster som Årebrot vil ha det til. Ap-politikaren slår hardt tilbake.

– Eg meiner han sit i Bergen og lagar sitt eige bilete, tydelegvis utan å følgje godt med i tida.

– Eg er så ufatteleg lei av forståsegpåarar som snakkar Sogn og Fjordane ned, i staden for å bidra konstruktivt, rasar ho.

Sjølv om Kjelsnes avviser Aarebrot sitt dystre bilde av fylket vårt, kjem ho ikkje vekk frå at heller ikkje den framtidige folketalsutviklinga ser ut til å bli særleg lysteleg samanlikne med dei andre.

Vil ikkje samanlikne fylka

Folketalsveksten i nabofylka Møre og Romsdal og Hordaland er nemleg venta å bli høvesvis dobbel- og tredobbelt så stor som i Sogn og Fjordane dei neste ti åra.

Kjelsnes meiner på si side at ein ikkje kan samanlikne Sogn og Fjordane med desse fylka.

– Fylka nord og sør om oss har ein heilt anna struktur som utgangspunkt enn oss, med store byar, seier ho.

Støttar kritikk mot fylkespolitikarar

Fylkesleiar i Framstegspartiet, Frank Willy Djuvik, støttar på si side kritikken mot fylkespolitikarane.

– Fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane har over mange år vist ein inkompetanse, manglande visjonar og vilje til å skape vekst og utvikling i fylket ved at ein ikkje har satsa på kystområda.

– Det er der veksten på resten av Vestlandet har skjedd, seier Djuvik.

Blir skulda for ostehøvelpolitikk

Arve Mjømen, fylkesleiar i Høgre, meiner Aarebrot spissformulerer seg litt for mykje, men er samd i at satsinga for å skape vekst i fylket på mange måtar har vore feilslått.

– Det har vore for lite satsing, seier Høgre-politikaren.

Aarebrot er ganske krass i sin karakteristikk.

– Sløvåg står fram som sjølve symbolet for Sogn og Fjordane sin politikk når det gjeld ytre strok. Medan det blomstrar av næringsbedrifter i Møre og Romsdal, Hordaland og Rogaland, så ligg søppelplassen til oljeindustrien i Sløvåg.

– Sogn og Fjordane driv ein ostehøvelpolitikk der dei strør midlane jamt utover, utan at dei får noko særleg vekst nokon plass, seier professoren.

Avviser mangelfull satsing

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes avviser at det har vore mangelfull satsing på kystområda, og viser mellom anna til ei rekkje prosjekt som bevis på dette.

Noko av det ho listar opp er utvikling av vegsystem i Gulen, tilrettelegging på Lutelandet, Dalsfjordsambandet, oljebasen i Florø, Bremangersambandet og Stad skipstunnel.

– Folk som han burde heller stille seg i første rekke og vere behjelpelege og snakke fylket vårt opp, seier han.