NRK Meny
Normal

Fryktar fylkesmannen blir neste som ryk

– Sogn og Fjordane blir no plukka frå kvarandre bit for bit. Det seier fylkesvaraordførar for Senterpartiet og KS-leiar i fylket Jenny Føling.

Jenny Følling les domspapir

NY SPIKAR I KISTA FOR FYLKET: Jenny Følling (Sp) er fylkesvaraordførar og fylkesleiar i KS.

Foto: Rune Fossum

– Dette er berre ein ny spikar i kista for Sogn og Fjordane, seier Følling.

Politikarar i Sogn og Fjordane åtvarar mot at stadig fleire funksjonar blir flytta til Bergen, skriv Bergens Tidende.

Ikkje forankra i Stortinget

Helga Pedersen taler på landsstyremøte i Arbeiderpartiet

KAOTISK: Nestleiar i Arbeidarpartiet, Helga Pedersen meiner regjeringa legg opp til ein kaotisk prosess.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

I Arbeidarpartiet er ikkje nestleiar og leiar for kommunalfraksjonen, Helga Pedersen, overvettes begeistra for at regjeringa no også ser på kor mange fylkesmenn vi skal ha framtida.

– Regjeringa grunngir dette med endra kommunestruktur og regionreform, men ikkje noko av dette er vedteke i Stortinget. Så her legg ein opp til ein kaotisk prosess og forskoterer avgjerder som Stortinget ikkje har tatt.

Bit for bit

Tida som eige politidistrikt kan snart vere over . Det er føreslege slått saman med Hordaland. AMK- sentralen kan gå same veg , Fiskeridirektoratet i Måløy, lista er lang og blir no lenger når regjeringa vil redusere talet på fylkesmenn.

– Eg registrerer at Frank Willy Djuvik i Frp vil kjempe for spesialfunksjonar til politiet, men når du flyttar hovudkontor og leiing så blir Sogn og Fjordane ein filial. Det er noko vi ikkje er tente med, for på sikt ryk også filialane, seier Følling.

Naturleg med færre fylkesmenn

I kommunalkomiteen på Stortinget meiner Helge André Njåstad frå Frp at når det blir færre og større kommunar er det naturleg at det også blir færre fylkesmenn.

Helge Andre Njåstad

FÆRRE FYLKESMENN: Helge André Njåstad (Frp) er leiar i kommunalkomiteen på Stortinget

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

– Vi ser jo for oss at staten skal organisere seg så effektivt og billeg som mogleg. Når det blir færre og større kommunar gjennom kommunereforma så er det naturleg sjå på om fylkesmannsembeta bør blir større slik at dei dekkjer eit større område.

I dag er det 18 fylkesmenn i Noreg. Kor mange fylkesmenn Njåstad ser for seg i framtida, eller kva fylkesmannsembete som eventuelt kan slåast saman vil han ikkje vere konkret på no.

– Må og sjå på kva ein får

Njåstad meiner og at fylket ikkje berre må sjå på kva dei mister, men og på kva dei får.

– Ta til dømes då ein skulle lage ein Vestlandsregion innanfor Vegvesenet, då blei hovudkontoret lagt til Leikanger og ikkje til Bergen. Ein må ikkje alltid automatisk tenke at her kjem ein til å tape, seier Njåstad.

I Sogn og Fjordane klarer ikkje Følling heilt å følge resonnementet til Njåstad.

– Eg har ikkje sett at Høgre og Frp-regjeringa har tenkt ein tanke om kva dei eventuelt vil flytte til Sogn og Fjordane. Det handlar berre kva som skal flyttast ut av fylket. Og når det gjeld Vegkontoret på Leikanger, så var det ei heilt anna regjeringa som stod for den flyttinga, seir Følling.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote