Fryktar Førde tek makta frå Sogn

LÆRDAL (NRK): Leikangerordføraren fryktar arbeidsplassane forsvinn dersom avtalen om Vestlandsregionen blir som føreslått.

Jon Håkon Odd

UTFORDRA: Meir makt i den nye regionen kan bli flytta til Bergen, Stavanger og Førde. Det uroar Leikangerordførar Jon Håkon Odd (Ap), som i dag styrer Sognekommunen der den administrative og politiske leiinga i fylket held hus.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Eg er uroa for at mykje av den viktigaste verksemda skal flyttast til Bergen, og at det blir ei utarming av miljøet på fylkeshuset, og at vi på sikt får færre stillingar, seier Jon Håkon Odd (Ap).

Trass i at det er bestemt at Sogn og Fjordane skal ha ansvar for veg og kultur, i tillegg til fylkesmannsembetet i den nye regionen, så er Leikangerordføraren uroa for følgjene av Vestlandsregionen. Det er bestemt at Rogaland skal styre flest sektorar og at den øvste administrative og politiske leiinga blir lagt til Hordaland.

– Det vi veit i dag er at det er kring 75 tilsette som jobbar med desse oppgåvene i dag, seier han om fagområda som er på veg ut av Sogn.

Blir utfordra av Førde som maktsentrum

Han understrekar at det er naturleg å legge hovudansvaret for veg til Leikanger, då regionkontoret for Vestlandet også held hus her. Det som derimot overraskar ordføraren er at Førde og Leikanger i avtalen blir jamstilte i avtalen som møtestad i den nye regionen.

– Eg skal ikkje legge skjul på at eg er litt overraska over at ein går så langt i å likestille. Det burde vore teke sterkare grep for å sikre aktivitet i dagens fylkeshus, eit av grepa kunne vore å tydeleggjere Leikanger si rolle, meiner Odd.

Olve Grotle

BALANSE: Ei fordeling av oppgåver og ansvar er fornuftig, meiner Førdeordførar Olve Grotle.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

I Førde ser ordføraren positivt på at det er fleire stader som kan dele på ansvar og oppgåver. Olve Grotle frå Høgre understrekar også at ein må unngå intern strid og konkurranse i Sogn og Fjordane, og heller gjere kvarandre gode.

– Også i dag er det slik at oppgåver knytt til fylkesmannen og fylkeskommunen blir løyste begge stader, og eg syns det er naturleg å vidareføre det. Kanskje skal ein også sveipe innom Nordfjord, som har ei underdekking av oppgåver knytt til fylke og stat.

Han er trygg på at ein klarer å kome fram til ein balanse som vil vere god for alle partar.

– Eg trur det kan vere ein styrke å ha to stader som er i stand til å ta på seg nye oppgåver i ein ny region.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.