Spente på løysing for Strynefjellet

Det er knytt stor spenning til kva alternativ Statens vegvesen i dag vil presentere som det beste for å sikre ein trygg veg over Strynefjellet. Både Stryn kommune og transportnæringa fryktar løysinga blir lite framtidsretta.

Tunnel

SMALE OG LÅGE: Brannsjefen i Stryn har i mange år åtvara mot det han meiner er brannfeller i tunnelane over Strynefjellet. I dag kjem Vegvesenet med si tilråding til korleis riksveg 15 skal gå over fjellet i framtida.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Vi fryktar at tunnelane over Strynefjellet også i framtida vil ha den standarden dei har i dag, berre med minimale oppgraderingar i forhold til lys og slike ting, seier varaordførar i Stryn, Kolbjørn Roset (Ap).

Han er blant dei mange som følgjer spent med når Vegvesenet onsdag føremiddag legg fram den såkalla konseptvalutgreiinga (KVU) om kva som er beste alternativ for trygg riksveg 15 over Strynefjellet.

Tilrådinga blir overlevert samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa på Sandane klokka 11, og både Roset og transportnæringa håpar på det beste, men er samtidig budde på det verste.

– Det beste er at vi får nye tunnelar, og det er det vi håpar på, seier Roset.

Fryktar alvorlege ulukker

Heilt sidan heilårsvegen over Strynefjellet opna i 1978 har mykje av tungtransporten mellom nordvestlandet og Austlandet slite seg opp bakkane i Stryn. Frå Hjelledalen, gjennom Ospelidtunnelen, Grasdaltunnelen og Oppljostunnelen.

I mange år har brannsjef i Stryn, Jarle Dragesæt åtvara mot det han meiner er for smale og får låge tunnelar. Han fryktar det skal kunne skje alvorlege trafikkulukker, spesielt med store køyrety, og har kravd utbetring.

Vil ha nye tunnelar og gul stripe

Men vegen går så mykje ute i dagen. Og store snøskred i området er stadig trugsmål og problem.

Når Statens vegvesen i dag overleverer tilrådinga si til statsråden, har dei vurdert alle tenkjelege alternativ for riksveg 15 heilt frå Stryn sentrum og heilt fram til Lom.

I hovudsak har dei vurdert alternativ for den skredfarlege Grasdalen der vegen ligg i dag. Totalt har dei sett på 6–7 ulike løysingar, og Kolbjørn Roset har klare forventningar.

– Det er klart vi håpar å få tunnelar som stettar dagens krav til standard, både i forhold til høgde og breidde. Vi vil også ha gul stripe over heile fjellet, seier Roset.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tunnelane på Strynefjellet.

SMALE: Når store køyrety møtest i tunnelane er det ikkje mykje klaring mellom dei.

Foto: Steinar Lote / NRK

Fryktar det verste

Også Rolf Olav Tenden som driv Tenden Transport i Stryn er spent på tilrådinga som blir lagt fram i dag.

– Det er veldig spennande. No er det ikkje noko som er avgjort etter i dag, men vi får ein indikasjon på kva som kan skje. Blir det ei dårleg løysing må vi jobbe hardt framover, seier han til NRK.

Som dagleg brukar av vegen er det ei løysing han fryktar mest av alt – såkalla strossing og utbetring av dagens tunnelar. Dette vil bety lange periodar med vegstenging, slik situasjonen har vore også dei siste månadene.

– Sett frå næringa si side er lange stengingar og strossing ei løysing som er utgått på dato, seier Tenden.

Krev ei framtidsretta løysing

Rolf Olav Tenden

FRAMTIDSRETTA: Utbetring av dagens tunnelar er ikkje ei god løysing for framtida, seier Rolf Olav Tenden.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Transportleiaren vil difor ha ein ny framtidsretta trase, og så kan trafikken gå på den gamle vegen medan ein byggjer den nye.

– Det er absolutt det beste. Vi har køyrd gjennom tunnelane i 30 år, og skal klare å leve med den i to til seks år til, med den føresetnaden at vi veit at det blir jobba med bygging av nye, seier Tenden.

Han og varaordførar Roset er heilt på linje når dei ønskjer seg ei løysing som er framtidsretta.

– Ein er nøydd å tenkje framover, mellom anna med tanke på trafikkauke. Vi ser berre kva som har skjedd dei siste åra, og vi veit ikkje enno kvar som skjer i forhold til Kvivsvegen.

– Ein må tenkje at tunnelane skal ha ei frihøgd på 4,2 meter og gul midstripe. Då kan ein ikkje bruke dei gamle tunnelane, seier Tenden.

Budd på utsetjing

Men når Vegvesenet legg fram planane onsdag føremiddag er dei begge redde for at løysinga blir den verst tenkjelege.

– Eg fryktar at dei vil gå for utbetring av dei eksisterande tunnelane med strossing. Slik kan dei halde fram med å utsetje dette og det vil ikkje skje noko på Strynefjellet dei første ti til femten åra, seier Tenden.

Han har tidlegare sagt at transportfirmaet hans kan kome til å gå konkurs dersom dagens ordning med stenging av Strynefjellet held fram.

Statens vegvesen vil ikkje seie noko om kva løysing som blir lagt fram før klokka 11 onsdag.