NRK Meny
Normal

Fryktar for vegprosjekta på Vestlandet om MDG får makt etter valet

Ei raudgrøn regjering som er avhengige av støtte frå Miljøpartiet dei grøne og SV vil få store konsekvensar for vegbygginga på Vestlandet, meiner Høgre-politikar.

Nikolai Astrup

MEIR PENGAR: Leiar i transportkomiteen på Stortinget, Nikolai Astrup (H), er godt nøgd med pengane dei har sett av til samferdsle på Vestlandet.

Foto: Oslo Høyre

Val

– Eg trur det kan få veldig store konsekvensar med eit nytt fleirtal etter valet. Vi veit at Ap og Sp vil vera avhengig av MDG og SV for å få fleirtal for budsjetta sine og dei fører ein heilt annan vegpolitikk enn oss, seier Nikolai Astrup (H) som er leiar i transportkomiteen på Stortinget.

For meiningsmålingane i dei siste vekene fram mot valet 11. september har svinga mellom raudgrønt og borgarleg fleirtal, frå veke til veke.

Høgre-politikar Astrup trur Vestlandet vert den store taparen på samferdsle, om det vert regjeringsskifte.

– Eit kompliment

I Nasjonal Transportplan (NTP) for 2018–2029 skal det brukast 1064 milliardar, inkludert bompengar, på samferdsle dei kommande 12 åra. 45 prosent av pengane går til jernbane.

– MDG vil kutta tre fjerdedelar av vegbudsjettet. SV vil kutta halvparten. Det kan få store konsekvensar på Vestlandet. Eit døme er at vi har sett av 230 milliardar til nye vegprosjekt. MDG vil berre nytta 15 milliardar og eg har liten tru på at prosjekta som står for tur i Sogn og Fjordane ser mykje av dei pengane, seier Astrup.

I første periode av NTP ligg utbetring av E39 mellom Myrmel og Lunde i Gaular, rassikring av riksveg 5 i Kjøsnesfjorden i Jølster og bygging til av Stad skipstunnel.

Toppkandidat for MDG i Sogn og Fjordane, Stein Malkenes, tar åtvaringane frå Astrup som eit kompliment.

Stein Malkenes

MINDRE MOTORVEG: – Det vi har gått til val på er at vi ikkje skal ha meir motorveg på Austlandet, Vestlandet og i Nord-Norge, seier Stein Malkenes (MDG).

Foto: NRK

– Oslo-eliten frå Høgre har først neglisjert oss, så latterleggjort oss og no er vi plutseleg ein trussel. Det betyr jo at Solberg-regjeringa har tatt innover seg alvoret av at viktige ting i det norske samfunnet skal gjerast heilt annleis. Det er ei erkjenning Astrup kjem med heilt på oppløpssida av valkampen. Det er eigentleg ein honnør til MDG sin politikk som eg applauderer, seier han.

Han seier vidare at dei vil nytta mindre pengar på veg og meir på utbetring. Som vedlikehald av eksisterande vegar og utvikling av utsleppsfrie ferjer.

Meiner Astrup tar feil

Vibeke Johnsen

UEINIG: Stortingskandidat for SV, Vibeke Johnsen, seier SV vil satse meir pengar på fylkesvegar enn det Høgre vil.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Det er heller Høgre som står i vegen for trafikktrygging på Vestlandet. Dei prioriterer storstilt motorvegutbygging på Austlandet og ferjefri E39 i staden, seier Stortingskandidat for SV, Vibeke Johnsen.

Ho fortel at SV vil satse meir på fylkesvegar enn det høgre vil.

– I vår alternative transportplan hadde vi lagt inn 7,4 milliardar meir til fylkesvegar, nettopp fordi vi meiner det er viktig med trygge vegar mellom ferjeleiene med gul midtstripe, ras og tunnelsikring, seier Johnsen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.