– Det går på tryggleiken laus. No har vi 20–25 oppdrag kvar natt, og framover vil det bli dobbelt så mange, seier Kristian Lund Solheim som er portør på sentralsjukehuset i Førde.
Han er ein av fleire av dei 20 portørane som har fått brev med beskjed om at dei er overflødige som portørar og vil bli omplassert.
På eit styremøte før jul vedtok Helse Førde at dei må kutte 50 millionar kroner i driftskostnadar for 2018, og dette er eit av tiltaka.
Tung beskjed
Portørane sine hovudarbeidsoppgåver er å flytta pasientar og utstyr rundt på sjukehuset. Men på natta har dei også brannansvar, hente pasientar som kjem inn med helikopter og passa på at uvelkomne ikkje går rundt på sjukehuset.
No må fleire portørar finna seg ein annan jobb på sjukehuset, om dei framleis vi jobbe der.
– Det var ein tung beskjed å få. Eg er veldig glad i jobben min og avdelinga. Eg har ikkje lyst å byte avdeling, seier Lund Solheim.
At han og fleire av kollegaane går inn i ei usikker framtid har påverka arbeidsmiljøet.
– Det er mykje snakk om det i korridorane. Eg er einig i at sjukehuset må bygga nytt for framtida, men dei kunne ha kutta ein anna stad enn på golvet, seier Lund Solheim.
For han har ingen planar om å forlate portøryrket frivillig.
– Eg vil ikkje gå frivillig. Eg er så glad i jobben min at eg ikkje vil gje meg utan kamp, seier han.
Naturleg avgang
Helge Robert Midtbø er konstituert direktør for drift og eigedom ved Helse Førde. Av dei 50 millionane helseføretaket skal kutta i 2018 står hans avdeling for om lag 7,5 millionar.
Han grunngjev nedbemanninga på nattetid for portørane slik.
– Som kjend har jo Helse Førde eit stort innsparingskrav på drift i åra framover. Dette er eit av mange tiltak for å ta ned driftskostnaden, og det gjev oss ei nettoinnsparing på om lag 1,6 årsverk, seier Midtbø.
– Kva med tryggleiken, når ein går frå to til ein portørar på natta?
– Dette har vi gjort risikovurderingar på og vi meiner det er forsvarleg.
Og legg til at ingen vil bli oppsagt som følgje av endringa.
– Nedbemanninga vert gjort ved naturleg avgang og ingen skal bli sagt opp. Dei det gjeldt vert tilbydd andre stillingar på sjukehuset som dei er kvalifisert for, men om ein takkar nei kan ein gå til oppseiing. Men vi håpar å ordna det på ein måte som gjer at ingen må gå, seier Midtbø.