NRK Meny
Normal

Her føder Lene i ambulansen - takkar jordmora for at det gjekk bra

Ho fødde i ei busslomme på veg til sjukehus, og takkar jordmora for at det gjekk bra. No er Lene Gjerde Sætren i Flora fortvilt over at ordninga med jordmorvakt kan bli lagd ned.

Created by InfoDispatcher

HER KJEM LILLY: Her er pappa Thomas Sætren sin film av fødselen.

Lene Gjerde Sætren sit saman med den vesle dottera Lilly og ser på videoen teken av pappa Thomas Sætren.

Videosnutten syner pappa som køyrer rett bak ambulansen, natt til julaftan, uvitande om hans fjerde barn kjem til å komme til verda før dei når sjukehuset.

Men iallfall sikker på at kona Lene har hjelp i jordmora som er med i ambulansen.
Fram til no har Flora og Bremanger hatt jordmor på vakt, som også har følgt fødande til sjukehuset i Førde. Men no vil politikarane i kommunane leggje ned ordninga med følgjeteneste.

Pappa la seg på hjul

Sætren er klar på at jordmora betydde mykje natta førre julaftan, då Lilly kom til verda i ei ambulanse på veg til sjukehuset i Førde.

– Eg vakna og ringde jordmorvakta i Florø og sa at no var det fødsel på gang. Ho forstod at det var ganske nært, så ho sende ambulansen til oss, og sa at ho kom i ambulanse i møte med oss, seier Sælen.

Ambulansen kom på døra og henta den fødande kvinna, medan pappa Thomas la seg på hjul.

– Dei var ganske stressa over situasjonen, det merka både eg og mannen min, fortel Sælen.

Sa det ikkje var vits å køyre fort

Men kort tid etter møtte dei ambulansen med jordmora i, og då endra det meste seg.

– Då eg kom inn i bilen til jordmora oppe på fjellet, vart det ei heilt anna atmosfære, seier Sælen.

Trass i at fødselen ikkje var langt unna, sa jordmora til ambulansepersonellet at dei ikkje trengde å køyre så fort.

– Ho sjekka at alt var greitt, og så sa ho at det ikkje var vits i å køyre fort, men at dei skulle køyre til ho sa stopp. Og det gjorde vi, seier Sælen.

Men dei kom ikkje så langt. For Lilly hadde det travelt.

– Det var ei roleg og fin oppleving, ikkje noko dramatikk eller noko. Ho kom som eit lyn, seier Sælen, og ser ned på den vesle jenta som om to månader fyller eitt år.

Må kjennast trygt

Som fjerdegongsfødande, visste Sælen godt kva ho gjekk til då det drog seg til. Men ho peikar på at det slett ikkje er alltid ein fødsel går etter boka. Og då kan kompetansen til jordmora utgjere ein enorm skilnad.

– Du veit at dei kan det dei skal gjere, og det gir tryggleik. Dei har utdanning og erfaring, og ting kan plutseleg skje, men då har dei mest truleg vore gjennom det. Tryggleik er viktig for fødande kvinner, seier Sælen.

Ho minner også om at ein fødsel skal vere ei oppleving som kjennest trygg for kvinna.

– Dessutan skal ein fødsel vere ei god oppleving. Du skal ikkje sitje att med ei dårleg erfaring. Eg ser på det å ha den tryggleiken som ein heilt grunnleggjande ting, seier Sælen.

Ho er viss på at Lillys fødsel hadde vore heilt annleis, dersom det ikkje hadde vore ei jordmor med på turen.

– Eg hadde følt meg mykje meir utrygg. Eg merka at eg slappa meir av med ein gong ho kom inn i bilen, så det betydde mykje for meg, seier Sætren.

(Artikkelen held fram under TV-innslaget)

Created by InfoDispatcher

REDD FOR FØLGJENE: Mange fryktar for korleis det vert for fødande som har lang veg til sjukehuset. Foto/redigering: Steinar Lote/Heidi Lise Bakke

Jordmora betydde mykje

At jordmorvakta no kan bli historie, tykkjer Sætren er leitt.

– Eg tykkjer det er svært synd. Det betyr så mykje for oss fødande kvinner å ha den tryggleiken i bilen. At dei tek vekk det, tykkjer eg er veldig trist, seier Sætren.

Ho peikar på at det også er jordmora dei gravide kvinnene går på kontroll hos og har oppfølging med.

– Dei er med heile vegen, og så når den dagen kjem, så skal den biten som har vore trygg, vere vekk. Det er trist, seier Sælen.

Ho fryktar for korleis det vert for kvinner som hamnar i liknande situasjon som ho sjølv.

– Eg har høyrt at dei sender jordmor i møte, men det er ikkje det same. Den jordmora du har i Florø, er ho du har møtt gjennom alle kontrollane. Eg var så heldig at det var jordmora i Svelgen som tok i mot Lilly. For meg betydde det ekstra mykje, seier Sælen.

Fleire gruar seg til å føde

Ho peikar på at det vinterstid både kan vere stengt fjell eller dårleg vêr som gjer til at ein ikkje kjem over.

– Kva då? Eg håpar inderleg at dei gjer om vedtaket, seier Sælen.

På Facebook har saka skapt stort engasjement, og Sælen har høyrt frå mange som tykkjer vedtaket gjer dei urolege.

– Eg veit om gravide som allereie no går og seier at dei gruer seg til dei skal føde. Det er ikkje bra, for det er ikkje slik det skal vere, seier Sælen.

At Helse Førde meiner ein ikkje treng denne type teneste i Flora og Bremanger, har Sælen vondt for å tru.

– Dei seier det ikkje er snakk om innsparing heller, så eg lurer litt på kven dei tenkjer mest på. For oss som bur i Svelgen, så er det stor avstand til Førde. Ting kan skje. Men å vite at jordmor kan komme i møte, er ei god tryggleik, seier Sælen.

Er ikkje deira oppgåve

Leiar i helse- og sosialutvalet i Flora kommune, Arlene Vågene, understrekar at jordmortenesta er Helse Førde sitt bord.

– Helse Førde har dette som si oppgåve, dette ligg til dei. Flora kommune har vore i lange diskusjonar med Helse Førde for å få dei til å ta sitt ansvar og halde oppe jordmorvakta i Florø. Det har dei ikkje vore villige til, seier Vågene.

Ho legg til at Helse Førde meiner det er forsvarleg å ha imøtekøyring og tidleg innlegging.

– Og då må Helse Førde stå for sine faglege vurderingar. Flora kommune vel å støtte seg til det, seier Vågene.

Ho meiner gravide og fødande no får eit betre tilbod.

– Dei får same moglegheit til å ta kontakt med jordmor på telefon nattetid. Det er jordmor på vakt i Førde som kan rykkje ut. Det kan ta litt lengre tid, seier Vågene.

Vil styrkje jordmortenesta

I tillegg har Flora kommune valt å ikkje ta vekk den 80 prosent-stillinga som ligg til jordmorvakta.

– Den stillinga vil vi styrkje jordmortenesta i Flora med, slik at dei har endå betre tid til dei gravide, og til dei nyfødde, som no kjem mykje tidlegare heim enn før. Jordmødrene i Florø skal få betre tid til dei gravide og nyfødde, seier Vågene.

– Har det vore eit alternativ å halde oppe jordmorvakta her i Florø?

– Vi må alltid sjå på dei faglege vurderingane. No har vi enda på same vedtak som Bremanger. Vi er inne i ei budsjett-tid, så vi må sjå på det kommande budsjettet for 2014. Men vi meiner dette ligg til Helse Førde, og då må dei ta den oppgåva, seier Vågene.

At fleire kvinner signaliserer at dei ikkje har sansen for den nye ordninga, meiner Vågene er noko som vil gå seg til.

– Eg forstår at endringar aldri er godt. Det vert ofte oppfatta utrygt. Men det er gjort faglege vurderingar som seier at dette er trygt. Fødande og gravide i Florø skal ha eit godt tilbod, og det meiner eg at dei har. Treng du hjelp på kveld- eller nattetid, så får du kontakt med jordmor, seier Vågene.

Var nærare og betre før

Overlege på Kvinneklinikken, Tom Guldhav, seier tenestene er organisert etter retningslinene dei har fått.

– Det tilbodet Flora kommune har hatt til kvinnene, er sjølvsagt eit nærare og eit betre tilbod, slik kvinnene vil oppleve det, men vi har organisert tenestene etter dei retningslinene som har komme frå departementet, seier overlege på Kvinneklinikken ved Førde sentralsjukehus, Tom Guldhav.

Han legg til at ein ambulanse med jordmor vil køyre fødande i møte, dersom dei kjem frå kommunar utan lokal jordmorvakt.

– Vi har organisert ei beredskapsteneste frå sentralsjukehuset som køyrer i møte med kvinner frå alle kommunar som ikkje har lokal beredskap på jordmor, seier Guldhav.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.