Hopp til innhold

Beredskapssjef fryktar teleberedskapen blir for kommers

– Det er ein fare at beredskapen i telenettet blir eit spørsmål om kommers og bedriftsøkonomi, åtvarar fylkesberedskapssjef Håvard Stensvand.

Det har gått eitt år sidan orkanen Dagmar gjorde store skadar på Nordvestlandet. Uveret avslørte alvorlege manglar i beredskapen når det gjeld telenettet. Men lite har blitt gjort det siste året...

SJÅ TV-SAKA: Uveret Dagmar avslørte alvorlege manglar i beredskapen når det gjeld telenettet. Men lite har blitt gjort det siste året.

Håvard Stensvand

BEREDSKAPSSJEFEN: Håvard Stensvand ber om at teleoperatørane ikkje berre tenkjer kommersielt.

Foto: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
Bjørn Amundsen

SKAL BYGGJE UT: Dekningsdirektør Bjørn Amundsen i Telenor seier det vil bli eit betydeleg løft i 2013.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Uvêret Dagmar lamma i fjor telenettet på Nordvestlandet, og lite har skjedd for å betre beredskapen i telenettet.

– Eg tenkjer at det må handle om meir enn kommers. Ddet må ikkje bli så viktig at ein gløymer det samfunnsansvaret teleoperatørane har. Det handlar og om å kunne tilby folk teletenester når vêret er på det dårlegaste, fylkesberedskapssjef Håvard Stensvand.

Lovar betydeleg løft

Då orkanen Dagmar herja i romjula i fjor var det fleire bygder som vart utan straum og teleberedskap. Dekningsdirektør for mobilnettet i Telenor, Bjørn Amundsen, seier at dei jobbar med å auke kapasiteten.

– Nokre få er betra, men det store løpet i forhold til utbygginga er ikkje lagt. Men det vil bli eit betydeleg løft på batterisituasjonen allereie i 2013, seier han.

Krev omfattande utbygging

Telenor vil no på eige initiativ betre kapasiteten på over 100 basestasjonar, men telegiganten har over 7000 stasjonar i landet.

Etter uveret peika Post- og teletilsynet (PT) på behovet for seks timar reservestraum på alle basestasjonar. I tillegg føreslo dei tre døgn reservestraum-kapasitet på særleg viktige basestasjonar. Telenor meiner at dette vil bli for dyrt, og krev fleire utgreiingar.

– Det krev ein så omfattande ombygging at vi trur ikkje det er realistisk. Men vi trur dei grepa vi gjer no, vil utgjere ein stor forskjell på mobilnettet i dag og korleis det vil vere om eit år, spesielt i dei Dagmar-råka områda, seier Amundsen.

Han avviser at dei prioriterer bedriftsøkonomi framfor beredskap.

– Nei, det er akkurat det vi ikkje gjer. No har vi valt å gå på dei områda som er mest berørt. Eg kan stadfeste vi skal gjere store tiltak, men eg kan ikkje garantere at det blir seks til åtte timar alle plassar. Men det er stor forskjell på å ikkje ha batteribackup til å ha to til fire timar.

Uroa ordførar

Sven Flo, ordførar i Stryn

IKKJE NØGD: Ordførar Sven Flo i Stryn meiner det ikkje er gjort nok.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Ordførarane i Stryn kommune Sven Flo er uroa over kor lite som har blitt gjort sidan uveret.

– Det har vore mykje snakk, men det er vel på dette feltet vi ser minst synleg resultat. No må vi ikkje bruke mykje tid på utgreiingar. Her er det mogleg å gjere enkle grep, til dømes sikre at det er straum på basestasjonar. Det er berre å skaffe aggregat som fungerer.

Då beredskapen ikkje fungerte måtte innbyggjarane i Stryn kommune ty til andre løysingar, men Flo meiner at dette ikkje er godt nok.

– Vi brukte sambandsutstyret til Røde Kors og vi kopla oss også til jaktradioar. Men når ting sviktar, som til dømes kommunikasjon mot Fylkesmann eller naudetatar, er ikkje dette sambandet godt nok. Då er det Telenor må vere opp og stå, seier ordføraren.