Jenny Følling, som er leiar i SIS, seier dei vil gjere sitt for at Førde Sentralsjukehus blir fundament for sjukehustenesta i Sogn og Fjordane.
I eit brev til Helse Vest, Helse Førde og Helsedepartementet skriv dei at SIS ikkje kan akseptere at spesialisthelsetenesta ved sentralsjukehuset blir bygd ned.
No oppmodar Følling alle kommunane og regionråda i fylket om å slutte seg til oppropet.
Samarbeidsforum i Sunnfjord er samansett av dei fem Sunnfjordkommunane Førde, Flora, Jølster, Gaular og Naustdal.