– Eg er redd for at det fokuset som har vore ikkje vil skape det gode, positive omdømet, som vi i større grad skulle hatt denne sommaren, seier Kristian Jørgensen, administrerande direktør i Fjord Noreg.
Det har aldri før vore så mange turistar på Vestlandet, som i sommar. Sjølv om det gir pengar i kassa for reiselivet, fører det også med seg utfordringar.
I Bergen hopar dokøane seg opp, i Olden er ikkje infrastrukturen god nok, med berre eitt offentleg toalett og ikkje nok søppelspann, og i Lodalen er bygdefolket oppgitt over turistar som brukar skogen som toalett.
Skremmande konflikt
– Vi skal ikkje gløyme at reiselivet er utruleg viktig for oss og bidreg med stor verdiskaping og mange arbeidsplassar, ikkje minst i distrikta, seier Jørgensen.
Samstundes er han uroa over dei problema som har dukka opp denne sommaren.
– Vi må ta ein slik potensiell konflikt mellom lokalbefolkning og turismen på alvor. Dette skremmer meg veldig og vi kan ikkje komme i ein situasjon der vi er i opposisjon til dei vi bur og lever saman med. At dette skjer nokre stadar gjer at alarmbjøllene ringer kraftig.
Han medgjev at veksten i turismen nokre stadar har kome overraskande på dei.
– For sju-åtte år sidan hadde vi prognosar for korleis veksten ville bli, men i enkelte område har det kome meir enn forventa. Vi må erkjenne at nokre område på visse tider av året har byrja å få litt for mange turistar, seier Jørgensen.
Krev at regjeringa kjem på banen
Jørgensen meiner at regjeringa må ta si del av ansvaret for dei problema som har oppstått i sommar.
– Konflikten vi har sett tendensar til i sommar, mellom lokalbefolkning og turisme, meiner eg at regjeringa og myndigheitene har hovudansvaret for å løyse, seier han.
– Gode løysingar finst lokalt
– I fjor sommar var det mykje snakk om forsøpling i Lofoten. Her har lokale initiativ gjort at ein har ein fått på plass ordningar, sånn at dei har mindre problem i år. Dette meiner eg ein bør lære av på Vestlandet, seier Magnus Thue (H), statssekretær i Næringsdepartementet.
Thue deler omdømme-uroa til Jørgensen, men meiner utfordringane først og fremst må løysast lokalt.
– Korleis vil regjeringa gripe fatt i dei utfordringane ein ser?
– Eg trur dei fleste gode løysingane finst lokalt og at lokale aktørar må sette seg ned saman og sjå på kva ein må gjere. Vi er villige frå regjeringas hald til å sjå på utfordringane som har vore i sommar og vurdere om det trengst nokre lovendringar, for eksempel når det gjeld cruisetrafikk.
- Les også: