Hopp til innhold

Fryktar for omdømet

– At Noreg er i streik kvar vår kan svekke omdømet til Noreg som reisemål, seier Jens Christian Skrede i Cruise Europe.

Cruiseskip i Olden

KAN BLI SVEKKA Olden er ei av cruisehamnene som cruiseskipa no ikkje kjem til grunna streiken.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

– Streiken går hardt ut over omdømet til Noreg som reisemål, skriv den europeiske cruisorgansiasjonen, ECC i ei pressemelding. Dei er uroa over situasjonen, og meiner det er vanskeleg å legge reisene til hamer som er råka av streiken.

ECC representerer alle cruiserederia i Europa, og meldinga frå dei understrekar alvoret i situasjonen, seier Jens Christian Skrede, direktør for Cruise Europe. – Det er veldig alvorleg for Noreg som cruisereisemål.

Alltid i streik

Skrede er oppgitt over at det alltid er streik i Noreg i perioden mai-juni.

– Turismen blir alltid råka på ein eller annan måte. I år er det losane, eit anna år er det dei tilsette i hotellresepsjonen som streikar, og eit tredje år kan det vere ferjeskipperane. Totalt sett er det eit stort problem for omdømet til norske reisemål, seier Skrede.

Losførarane har vore i streik sidan onsdag, noko som gjer at dei store cruisebåtane kan risikere å bli liggjande lenger enn planlagt ved kai, eller at dei ikkje kjem seg inn i fjordane i det heile, fordi losane ikkje kjem seg til og frå båtane.

Merkar det for alvor


Dei siste dagane har cruisehamnen fått merke streiken for alvor.

– Fram til fredag var det sporadiske avbestillingar i fylket, men no ser vi at heile cruise blir kansellert og båtar som er på veg til Sogn og Fjordane blir omdirigert, og går utanom fylket. Mellom anna er det ein båt som skulle vore i Olden på søndag som ikkje kjem, seier Skrede.

Han legg til at omsetnadssvikten streiken medfører går ut over leverandørar, bussar, guidar, hotell og ulike aktivitetsarrangørar. – Det er ein dramatisk situasjon.

Omsnakka i bransjen


At Noreg går ut i streik i vårmånadene er tema i bransjen fortel Skrede. – Totalt sett så er det omdømet som går unngjelde, seier han.

Likevel trur han fjordane i Noreg vil halde fram å vere ein viktig merkevare.

– Dei norske fjordane er ein av dei sterkaste merkevarene i cruise, så det er vel lite truleg at desse reisemåla blir kutta heilt ut. Samstundes må ein hugse på at eit produkt du ikkje kan stole på er svakare enn eit produkt som du kan stole på, seier Skrede.