NRK Meny
Normal

Fryktar for norsk laks som merkevare

Norsk laks kan bli svekka om Sjømatrådet må kutte med 200 millionar kroner. Det fryktar lakseeksportør.

Norsk laks på fiskemarket

FRYKTAR SVEKKING: Norsk laks har ein sterk posisjon i utlandet, takka vere år med felles merkevarebygging. No vurderer regjeringa millionkutt fordi dei største oppdrettsselskapa heller vil satse på marknadsføring av eigne produkt.

Foto: Colourbox.no

Regjeringa vurderer millionkutta fordi dei største oppdrettsselskapa heller vil satse på eigne merkevarer. Dette kan gjere at norsk sjømat blir utkonkurrert av til laks frå utlandet. Det fryktar Audun Bjelkarøy i Selected Seafood i Vågsøy.

Audun Bjelkarøy

SVEKKA MERKEVARE: - Eit kutt er feil politikk og eit dødsstøyt, seier Audun Bjelkarøy i Selected Seafood.

Foto: Privat

– Vi har gjennom mange år fått etablert ein ekstremt sterk grunnmur for norsk laks ute. Å byggje ned dette vil vere heilt feil politikk og eit dødsstøyt til seg sjølv, seier han.

– Gåvepakke til oppdrettsgigantane

I dag betaler næringa ei avgift på 0,75 prosent av salet. Pengane går til felles marknadsføring i utlandet, der det norske er eit salsargument i seg sjølv.

No føreslår regjeringa kutt, mellom anna fordi store oppdrettsselskap heller vil bruke pengane på sine eigne merkevarer.

Bjelkarøy meiner oppdrettsgigantane heilt bevisst vil tone ned det norske til fordel for å lettare selje laks frå Chile.

– For dei vil det vere ein fordel om til dømes chilensk fisk blir billegare. Kan dei byggje ned profilen på det norske, har dei fått ei gåvepakke frå norske myndigheiter, seier han.

Marine Harvest i Puerto Montt

FÅR GÅVEPAKKE?: Oppdrettsselskapet Marine Harvest har 60 produsent av produksjonen i Norge, men eig også anlegg i utlandet, som her i Puerto Montt i Chile.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Vil kutte konkurransen med eigne merkevarer

Men Marine Harvest avviser skuldinga.

Kommunikasjonsdirektør Kristine Gramstad seier Sjømatrådet vart bygd opp på 90-talet i ei tid då norsk fiskeri og oppdrettsnæring ikkje hadde evne til å bygge eigne merkevarer. No har tidene endra seg.

– Det vi ser er at vi konkurrerer med oss sjølve. Vi har merkevara Marine Harvest som ligg side om side med Norsk Sjømatråd sine merkevarer. Då har du ein situasjon der du motarbeider deg sjølv, og det er det vi vil til livs, seier ho.

Kristine Gramstad

UEINIG: Kristine Gramstad, kommunikasjonsdirektør i Marine Harvest, meiner dei ikkje nedprioriterer merkevara norsk laks.

Marine Harvest vil be om endå meir kutt i eksportavgifta enn det Fiskeriministeren har lagt ut på høyring, men selskapet meiner det ikkje er riktig at dei nedprioriterer merkevara norsk laks.

– Vi satsar veldig tydeleg på Norge, så det argumentet skjøner eg ikkje.

Trur kutta vil gå utover dei små

Audun Bjelkarøy har jobba med sal av norsk sjømat sidan 80-talet og var mellom anna salsdirektør i Fjord Seafood som seinare vart ein del av Marine Harvest. Bjelkarøy trur ei svekking av Sjømatrådet vil gå utover dei mindre norske fiskeriselskapa.

Mellom anna har Norske Sjømatprodusenters landsforening gått sterkt mot framlegget frå regjeringa.

– På lang sikt kan det medføre at resten av dei som produserer laks i Norge og som ikkje har evne til å marknadsføre seg sjølve, blir taparane. Det kan umogleg vere riktig, i og med at det har vore eit satsingsområde for distriktsnorge og det har vore vellukka så langt

Men Marine Harvest meiner det ligg store moglegheiter i eigne merkevarer.

– Det er ikkje mange år sidan det ikkje var nokre merkevarer i det heile tatt. No ser vi at dei veks fram. Det er enorme utviklingsmoglegheiter, og vi må passe på at dei toga ikkje går frå oss, seier Gramstad.

Norsk laks på fiskemarket

FRYKTAR SVEKKING: Norsk laks har ein sterk posisjon i utlandet, takka vere år med felles merkevarebygging. No vurderer regjeringa millionkutt fordi dei største oppdrettsselskapa heller vil satse på marknadsføring av eigne produkt.

Foto: Colourbox.no
Vegopning på Bergum i Førde kommune