Hopp til innhold

Fryktar for musikkterapimiljøet

Ordførar i Gloppen Anders Ryssdal fryktar ei utradering av musikkterapimiljøet i fylket.

Tysdag vedtok Universitetet i Bergen formelt å ta over musikkterapiutdanninga.

- Det Gloppen kommune ynskje seg no er at vi får gjort det klart korleis vi skal vurdere musikkterapimijøet framover, seier Ryssdal.

- Forgjeves arbeid?

I over 20 år har musikkterapi hatt eit tyngdepunkt på Sandane, og ei heil rekke tilbod i fylket har blitt bygd opp rundt utdanninga. Mellom anna har det vore fleire praksisplassar knytta til studiet. Og for tre år sidan vart kommunen saman med fylkeskommunen og høgskulen einige om å prøve å etablere ein musikkterapiklinikk på Sandane. Når utdanninga no vert flytta til Bergen fryktar ordførar i Gloppen at dette arbeidet har vore forgjeves.

- Musikkterapien i fylket har vore tufta på tre bein. Det eine er Gloppen kommune som har hatt aktive musikkterapeutar, fylkeskommunen sitt terapisenter, samt utdanninga til høgskulen. Og no forsvinn altså eit av desse beina.

Vil ha diskusjon

- Fryktar du no at Høgskulen i Sogn og Fjordane skal trekke seg heilt ut av denne satsinga?

- Eg håper at vi no kan ha ein diskusjon om kor vegen går vidare, seier Ryssdal

Rektor Johs Thaule
Foto: Heidi Lise Bakke/NRK

Ryssdal har no invitert Høgskulen i Sogn og Fjordane til eit møte. Rektor Johs Thaule seier dei vil gå i dialog med kommunen, men vil ikkje seie noko no om kva konsekvensar flyttinga av utdanninga kan få for miljøet i fylket.