Hopp til innhold

Fryktar lokalt eigarskap vert svekka og at dei børsnoterte selskapa tek over alt

Laksegründer og milliardær Ola Braanaas reagerer sterkt på det han meiner er at staten let høgstbydane stikke av med laksekonsesjonane.

Ola Braanaas

LIKAR DET IKKJE: Gründer av Firda Sjøfarmer og milliardær Ola Braanaas fryktar mangfaldet går tapt med auksjonsprinsippet.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Det betyr at dei som er villege til å ta størst risiko, vil få tilslaget. Ser ein historisk på det, så kjøpte til dømes Pan Fish konsesjonar på eit veldig høgt nivå. Det som skjedde etterpå, var at dei gjekk konkurs, og bankane måtte skrive av fire-fem milliardar, seier Braanaas, som eig og driv Firda Sjøfarmer.

For å stimulere oppdrettsbransjen til å auke innsatsen mot lus og rømming, utlyste Fiskerimyndigheitene i fjor 45 nye oppdrettskonsesjonar, som har langt strengare miljøkrav enn i dag.

Fryktar det vert ei monopolisering

Fredag var det klart at Salmar og Cermaq tek 13 av dei 15 grøne konsesjonane som vart auksjonert til høgstbydande. Salmar fekk åtte konsesjonar for nær ein halv milliard kroner. Cermaq fekk fem konsesjonar for 300 millionar kroner, skriv Dagens Næringsliv.

Braanaas fryktar at det som skjer, er at dei store børsnoterte selskapa, tek seg råd til å by høgt på desse konsesjonane.

– Dei mindre oppdrettsbedriftene vil ikkje ha moglegheit til å nå opp i ein slik runde, dermed vil ein få ei avskaling av små og mellomstore oppdrettsbedrifter og ei monopolisering av næringa, seier Braanaas.

– Men ber du ikkje no for di sjuke mor?

– Eg er oppteken av at vi skal kunne vekse i våre selskap, og at vi skal kunne utvikle verksemda og at vi skal ha nok råstoff til verksemda vår på Byrknesøy, slik at folk der har arbeid kvar dag. Det er mitt ansvar, seier Braanaas.

Redd for det lokale eigarskapet

– Eg er sjølvsagt også oppteken av at innteninga vår skal vere god. Men ser ein på Sogn og Fjordane, så vil dette føre til at det lokale eigarskapet blir svekka, og vekstmoglegheitene i fylket vert overteke av store børsnoterte selskap, seier Braanaas.

Han er redd det ikkje vil vere oppdrettarar som er store nok i Sogn og Fjordane til å nå opp i ein slik auksjon.

– Staten har lagt eit auksjonsprinsipp til grunn, der den som byr høgst, får tilslag på konsesjonen. Det tykkjer eg er ein feil måte for staten å nærme seg næringsutvikling på, seier Braanaas.

Han peikar på at historisk sett i Norge har det vore ei rollefordeling mellom næringslivsaktørar og staten.

– Den har vore slik at statens oppgåve er å leggje til rette for næringsaktivitet, og så er det næringsaktørane som utfører verksemda, seier Braanaas.

Han meiner staten no snur fullstendig på hælen.

– Dette er spesielt og heilt ulikt alle andre bransjar i Norge. Staten sel ein rett i forkant, og tek ein gevinst på at næringsaktøren har tru på framtida. Då tykkjer eg staten blandar seg inn i noko dei ikkje har noko med å gjere. Eg meiner det er feil måte å jobbe på, seier Braanaas.