Hopp til innhold

Fjorddeponi vil heve sjøbotnen 150 meter

Fiskeridirektoratet går på nytt ut og åtvarar på det sterkaste mot fjorddeponi i samband med gruvedrift i Engebøfjellet.

Engebø i Vevring

UTVINNING: Nordic Mining har planar om å vinne ut rutil i Engebøfjellet.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Nordic Mining har planer om å vinne ut rutil i fjellområda ved Engebø i Naustdal.

Den endelege avgjerda ligg på Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell sitt bord, og er venta i haust.

– Vi har sett på dei innspela som er komne frå ulike offentleg instansar, og vi ser at vi får ein god del støtte i den uroa vi har gjeve uttrykk for i innsigelsen Fiskeridirektoratet leverte i samband med reguleringsplanen til Naustdal kommune, seier seniorrådgjevar Frank Jacobsen.

Betre utgreiing

Fiskeridirektoratet har tidlegare spelt inn sine synspunkt i saka, og står fast på at følgjene av eit gruvedeponi i fjorden må utgreiast langt betre før regjeringa fattar ei endeleg avgjerd i saka.

nettsidene sine uttrykkjer direktoratet uro for at dei gruveverksemdene som er planlagde i landet ynskjer å nytte fjordane som deponi eller avfallsplass for gruveavgangen. Dei fryktar for livet i fjordane.

– Deponi betyr normalt noko ein har på lån, som skal leverast tilbake i same stand som då ein fekk eller deponerte det. Dette er ikkje tilfelle med fjorddeponi, her deponerer ein for æva, seier Jacobsen.

Hevar botnen 150 meter

Jacobsen viser til at gruvedrifta i Engebøfjellet vil gi seks millionar tonn gruveavgang, der 600.000–900.000 tonn er finfraksjon og vil gå rett i fjorden årleg i 40–50 år.

– Botnen vil som følgje av tiltaket bli heva med 150 meter og alt liv på botnen vil bli utsletta. Finfraksjonen frå gruveutsleppet vil etter alt å døme bli spreidd i vassmassane og ha ein negativ effekt på fisk og organismar som er mat for fisk, som til dømes raudåte, meiner Jacobsen.

Treng meir utgreiing

Fiskeridirektoratet er også uroa for at lydbølgjene frå sprenginga i fjellet vil kunne skremme fisken slik at den skyr området. Dei viser til at fjorden er eit nasjonalt viktig gyte- og oppvekstområde for kysttorsk, og eit gytefelt for kveite.

Det er også funne raudlista korallar i området og Førdefjorden er ein nasjonal laksefjord med særlege vernetiltak for villaksen. Både laks, kysttorsk og kveite må passere deponiområde for å nå sine respektive gyteområde.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fjorddeponiet i Førdefjorden

DEPONI: Nordic Mining ynskjer å deponere gruveavfall i Førdefjorden.

Foto: Illustrasjon: Nordic Mining

– Vi er uroa for kva følgjer spreiing av partiklar og sprenging i fjellet vil få. Desse er ikkje særskilt godt utgreidd, og der har vi fått oppbakking frå Klif, som meiner vi treng ytterlegare konsekvensutgreiing av utsleppa, seier Jacobsen.

Han viser til utgreiingar av straumforhold, partiklar, kjemisk påverknad frå utslepp og sprenging i fjellet.

– Vi etterlyser betre utgreiing av desse tinga, slik at dei som skal fatte vedtaket har tilstrekkeleg kunnskapsgrunnlag og full oversikt over følgjene, avsluttar Jacobsen.

Forundra ordførar

I Naustdal er ordførar Håkon Myrvang forundra over at Fiskeridirektoratet kjem med krav om nye utgreiingar rett før avgjerda skal falle.

Han seier det ikkje er tale om å øydeleggje fjorden på nokon måte, og meiner regjeringa må finne gode løysingar, så prosjektet kan gå vidare.

Eg har stor tillit til at Regjeringa ved miljøverndepartementet har ei skikkeleg og god sakshandsaming på dette, så eg er forundra over Fiskeridirektoratet som har slikt utspel no, seier Myrvang.