NRK Meny
Normal

Fryktar lærar-rekrutteringa vil bli vanskeleg framover

Det kan bli vanskeleg å rekruttere nyutdanna lærarar til Sogn og Fjordane uansett kva vedtak som vert gjort i skulesaka. Det meiner leiar i Utdanningsforbundet i Sogn og Fjordane, Gunn Marit Haugsbø.

Gunn Marit Haugsbø

KAN BLI VANSKELEG: Leiar i Utdanningsforbundet i Sogn og Fjordane Gunn Marit Haugsbø trur uvissa det vert lagt opp til i skulestrukturen vil gjere det vanskeleg å få lærarar til fylket.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

I staden for å følgje fylkesrådmannen sitt forslag om å leggje ned tre skular, vil fylkespolitikarane kutte fleire liner. Det kan bety at tilbodet ved skulane må opp på nytt innan få år.

Haugsbø trur endringar i skulestrukturen vil føre til at nyutdanna lærarar ikkje søkjer seg til fylket, uansett kva vedtak som kjem. Ho er tydeleg på at det er politikarane som gjer vedtak, men Utdanningsforbundet er opptekne av at det følgjer økonomi med vedtaket.

– Det å setje ting på vent år etter år vil aldri vere ei veldig god løysing. Det skapar ei uvisse som ein må leve med i lang, lang tid, seier leiar i Utdanningsforbundet i Sogn og Fjordane. Rekruttering handlar også om stabilitet. Det er viktig at både små og store skular har tilbod som dei veit eksisterer frå år til år. Det vil vere med på å bidra til å skape tryggleik for både elevar og lærarar, seier Gunn Marit Haugsbø.

Usikkert om ein klarar å spare 70 mill.

Når opplæringsutvalet no går inn for å spare dei vidaregåande skulane i Høyanger og Stryn, er det usikkert om fylkeskommunen klarar å spare 70 millionar kroner som er målet.

Med det nye framlegget frå utvalet kan skulestrukturen bli eit tema frå år til år, der fleire liner kan bli kutta etter kvart. Det vil skape stor uvisse for både dagens lærarar og nyutdanna, Haugsbø.

– Uansett kva slags vedtak som vert gjort, vil det vere utfordringar fordi endringar påverkar både elevane sitt søkjemønster og lærarane si oppleving av å bli ivaretekne i den jobben dei har. Det vil også påverke kor attraktivt det er å søkje seg til ei lærarstilling ved dei ulike skulane, seier Haugsbø.

Ho presiserer at Utdanningsforbundet ikkje har gitt støtte til fylkesrådmannen sitt forslag om å leggje ned skular, men at dei ser positivt på at det no ser ut til å vere tverrpolitisk semje om å ta inn att dei vidaregåande skulane i Høyanger og Stryn.

Dette gir ein desentralisert skulestruktur som sikrar mange elevar tilgang til vidaregåande opplæring i akseptabel reiseavstand frå heimen, meiner forbundet.

Ein skummel signaleffekt

Edel Kristine Etnestad frå Førde er ein av fleire frå fylket som studerer til å bli lektor. Ho ser ikkje vekk frå at ho vil flytte heim til Sogn og Fjordane når ho er ferdig utdanna.

Edel Kristine Etnestad

TRIST: Lektor-student Edel Kristine Etnestad tykkjer det er trist at enden på visa kanskje blir at ho ikkje kan flytte til heimfylket når ho er ferdig utdanna.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Men jobbmoglegheitene ser ikkje lyse ut for Oslo-studenten, og det er særleg skummelt å søkje ei stilling som kan forsvinne innan kort tid.

– Eg tykkjer det er ganske trist at fylket som omkallar seg sjølv som framtidsfylket vel å leggje ned skuleplassar. Det gjer det usikkert for oss som studerer til både lektor og lærarar når det gjeld jobbmoglegheiter i fylket. Det gjer situasjonen veldig usikker når ein ikkje veit kva utfallet blir, og det er ein skummel signaleffekt, seier Etnestad.

Fleire blir overflødige

Av tilsette ved dei vidaregåande skulane i dag vil truleg fleire titals av dei vere overflødige når kutta kjem. Det gjer ikkje situasjonen lettare for nyutdanna.

Leiar i opplæringsutvalet, Norvall Nøringset, seier fylkeskommunen sjølvsagt vil prøve å hjelpe overflødige lærarar. Aktuelle tiltak er blant anna tilbod om vidaregåande utdanning eller annan jobb i fylkeskommunen.

Norvall Nøringset

UTFORDRANDE: Leiar i opplæringsutvalet Norvall Nøringset legg ikkje skjul på at situasjonen vert krevjande.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Når det gjeld utfordringa rundt nyrekruttering trur han det vil hjelpe godt på at fleire av dagens lærarar nærmar seg pensjonsalder.

– Det seier seg sjølv at når det blir færre elevar og færre klassar, så blir det også færre stillingar. Det blir ein situasjon som vert problematisk å halde seg til for dei som søkjer jobb i ein del samanhengar, seier Nøringset.

Hjelper at mange går av med pensjon

Men han ser gjerne at dei unge søkjarane kjem til Sogn og Fjordane.

– Det håpar eg dei gjer. Det hjelper også på situasjonen at mange går av med pensjon, seier Nøringset.

Lektorstudent Edel Kristine Etnestad håpar ikkje mangel på stillingar hindrar ho i å flytte heim, dersom det er det ho vil når ho er ferdig utdanna om tre år.

– Når situasjonen på landsbasis er at ein treng fleire lærarar, så er det trist at ein ikkje kan bli lærar i eige fylke. Viss det er den vegen utviklinga går, så er det synd at det er det som skal hindre ein i å flytte heim, seier Etnestad.

Fryktar ringverknadene

– Situasjonen for lærarane i Sogn og Fjordane er ikkje spesielt god når vi har ein situasjon der kanskje så mange som 70 lærarar vert overtalige, seier leiar Aud Sissel Hestenes i Lektorlaget i Sogn og Fjordane.

Også ho er samd i at rekruttering kan bli eit problem.

Aud Sissel Hestenes

ØNSKJER EIN PLAN: Leiar i Lektorlaget i Sogn og Fjordane, Aud Sissel Hestenes, håpar fylkespolitikarane kan komme med ein skikkeleg plan.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

– Men, her på Hafstad vidaregåande har vi fått svært mange gode søkjarar når vi har lyst ut stillingar, så ein skal ikkje sjå for mørkt på det. Men utviklinga i fylket generelt er negativ, seier Hestenes.

Ho fryktar for ringverknadene for fylket.

– Uansett vedtak vil dette få konsekvensar. Men viss ikkje politikarane klarar å bestemme seg og lage ein plan for situasjonen vil verknadene bli ytterlegare dårlege, seier Hestenes.

Ser ut som dei utset problema

– Det har vore skifte på liner mellom skulane i fylket årleg fram til no, men det å leve i uvisse over lengre tid, er ikkje ein god situasjon for ein lærar, seier Hestenes.

Ho håpar fylkeskommunen kjem med ein god plan over kva som skal skje framover både med tanke på kven som vert overtalige og kor mange som går av med pensjon.

– Men slik det ser ut no ser det ikkje ut til at dei klarar å gjere dei grepa som trengst, men berre utset problema. Det er ein slik situasjon som er vanskelegast for alle, seier Hestenes.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.