Hopp til innhold

Meiner politibudsjettet er så stramt at det går utover kvaliteten på arbeidet

Leiar i Politiets Fellesforbund, Kjetil Drange, meiner aktiviteten til politiet i Sogn og Fjordane er styrt av økonomi, og ikkje alltid av dei beste faglege avgjerdene.

Kjetil Drange

UROA: Leiar i Politiets Fellesforbund i Sogn og Fjordane, Kjetil Drange, fryktat at lite økonomisk spelerom fører til at ein må vente med aksjonar som er kostbare.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Også i år har politiet eit budsjett der nær alle midlane er bunde opp i faste utgifter.

– Budsjettet er stramt, og vi blir veldig økonomistyrte. Det er ikkje nødvendigvis dei beste politifaglege vala som ligg bak bruk av midlane, seier leiar for Politiets Fellesforbund i Sogn og Fjordane, Kjetil Drange.

I 2014 er politiet i Sogn og Fjordane sitt budsjett på om lag 164 millionar kroner, i tillegg til at det er løyvd pengar til fem nye politistillingar.

Hadde håpt på meir

Det betyr at politidistriktet skal ha ein nettovekst på fem stillingar innan året er omme.

– Eg hadde håpa vi hadde fått meir, og det er signal om at ikkje alle stillingane er fordelte. Vi håpar sjølvsagt på å få nokre av dei, seier Drange.

Han peikar på at sjølv om det kjem fem nye stillingar, så er det ikkje dermed sagt at vakt og beredskap vert betra. Det er nemleg også større krav til dei som skal gå desse vaktene, og dermed fell nokon automatisk ut av lista.

– Vi får krav frå politidirektoratet om einskilde stillingar som skal på plass. Samtidig kjem det krav om at dei som ikkje er skytegodkjende, ikkje skal køyre patrulje. Dermed må nokon ut av lister.

Så summen er kanskje slik at vi kanskje ikkje får styrka vakt og beredskap, sjølv om vi får fem nye stillingar, seier Drange.

Kan få utslag

Men det meste av budsjettet er bunde opp i faste utgifter, og det uroar Drange

– Det kan hende at vi brukar meir pengar enn kva som er budsjettert i starten av eit år. Då vil det få utslag på til dømes kva slags list ein kan leggje seg på når ein skal rykkje ut på overtid, seier Drange.

Han peikar på at dei frie midlane er svært små i årets budsjett.

– Det er svært lite spelerom. Vi må halde budsjettet og økonomien, og det kan bety at ein må vente med einskilde aksjonar fordi ein då veit at kostnadane aukar, seier Drange.

Politimeister Ronny Iden

MÅ BALANSERE: Politimeister i Sogn og Fjordane politidistrikt, Ronny Iden, innrømmer at hovudutfordringa blir å balansere alle gjeremåla.

Foto: Steinar Lote / NRK

Politimeister i Sogn og Fjordane politidistrikt, Ronny Iden, stadfestar at ein må halde taumane stramt for å følgje budsjettet.

– Det får den konsekvensen at det er ting, som vi kunne ha jobba endå meir med, som vi må vere forsiktige med, for å få budsjettet til å gå opp, seier Iden.

Trur viljen er større enn budsjettet

Han er klar på at det er ein hårfin balansegang for å få til alt politiet skal halde styr med.

– Hovudutfordringa for oss er å halde ein god nok beredskap, og balansere det mot alle andre gjeremål som vi skal gjere. Vi skal både etterforske og ha forvaltningsoppgåver, og det er der utfordringa ligg, seier Iden.

Regjeringa har lagt meir pengar på bordet til politiet, og vil i 2014 styrke grunnbemanninga. Likevel meiner Drange at mange polititenestemenn kjenner på at lite pengar er ein avgrensande faktor.

– Viljen til å jobbe og gjere ein god jobb er nok langt over det budsjettet kan tilby, seier Drange.