Fryktar for framtida til Flåmsvassdraget

Bjørn Vike er redd flaumdempande tiltak eller kraftutbygging i Flåmsvassdraget vil ha dramatiske konsekvensar for biologimangfaldet i elva og turismen i området. Ordførar i Aurland, Noralv Distad, er opptatt av å gjere det tryggast mogleg for folk.

Bjørn Vike

VERNESTATUS: Bjørn Vike er initiativtakar til «Alliansen for vern av dei verna vassdraga». han kjempar for vernestatusen til Flåmsvassdraget.

Foto: Magnus Gamlem/NRK

Aurlandselva

AURLANDSVASSDRAGET: Biologimangfaldet er annleis i Aurlandselva enn i Flåmsvassdraget, og fleire meiner at det vil ha store konsekvensar å blande vatnet i dei to.

Foto: Magnus Gamlem/NRK

– Det har aldri vore større grunn enn i dag til å behalde den vernestatusen.

Det er den kontante beskjeden frå Bjørn Vike, som er initiativtakar til «Alliansen for vern av dei verna vassdraga». Stortinget har tidlegare utarbeida ein verneplan for vassdrag, men kan no snu og likevel opne opp for større kraftutbygging i verna vassdrag i Norge.

Det verna Flåmsvassdraget ligg i nærleiken av der han sjølv bur, og Vike fryktar for framtida til elva.

– Det å bygge ut Flåmsvassdraget er å rote med eit nasjonalt laksevassdrag og å oppheve vernestatusen til vassdraget. Natur og vatn er hjartet mitt, og difor engasjerer eg meg no, fortel han.

Vil ta vare på innbyggarane

Flom Flåm

FLÅM: Slik så det ut då det var flaum i 2014.

Foto: Meek, Tore / NTB scanpix

I oktober 2014 blei Flåm ramma av ein stor flaum og store verdiar gjekk tapt. Fleire bruer blei øydelagd og mange mista husa sine. Ordførar i Aurland kommune, Noralv Distad, håpar at dei no endeleg får flaumsikra elva.

– Vi håpar på eit ja frå Olje- og energidepartementet og at dei innstiller til Stortinget og at dei opnar for å konsesjonsbehandla flaumdempande tiltak, seier han.

Distad seier at dei ser på fleire alternativ, men at det viktigaste er å ta vare på innbyggarane.

– Ein kan innføre eksisterande reguleringar og gjere nokre endringar i manøvreringa. Den største flaumdempande effekten vil vere å overføre vatn til Viddalsmagasinet, som ligg i Aurlandsutbygginga. Hovudpoenget er at mindre vatn gjer mindre skade, og det viktigaste er å ta vare på innbyggarane, seier ordføraren.

– Einaste akseptable løysinga

Vike meiner at alternativet med å overføre vatn frå Flåmsvassdraget til Aurlandsvassdraget vil ha alvorlege konsekvensar.

– Det er i strid med norsk lov og eg kan ikkje fatte at det kan vere mogleg å gjere det. Vi har røye i Flåmsvassdraget, og overfører du vatn frå der til Aurland, innfører du ein framand art, og det er ikkje lov, seier han.

Vike har ein klar beskjed til Distad og Aurland kommune.

– Dei må skrinleggje alle planar om å overføre vatn. Vi må forholde oss til eit Stortingsvedtak om at det er eit verna vassdrag, også må ein leggje planar om å flaumsikre Flåm med det utgangspunktet. Det er den einaste akseptable løysinga, meiner han.

– Elva er framleis flaumutsett

Noralv Distad

ORDFØRAR: Noralv Distad er opptatt av at innbyggarane skal leve trygt.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Bjørn Vike har samla underskrifter frå ein rekke sentrale reiselivsaktørar på Vestlandet og saman kjem dei med eit opprop for å beskytte dei verna vassdraga i landet. Dei seier alle at vassdraga og naturen er det som trekker turistane til Norge, og at kraftutbygging vil øydelegge den identiteten.

– Det vi har på Vestlandet er så spesielt og det blir mindre og mindre av det rundt omkring i verda. Det kjem til å bli meir og meir interessant å oppsøke den delen av Norge og det vi kan tilby her, meiner Vike.

Distad seier dei skal respektere vernestatusen til Flåmsvassdraget uansett kva Stortinget kjem fram til, men håpar å kunne kome i gang med flaumsikrande tiltak snarast mogleg.

– Vi forheld oss til at det er eit verna vassdrag og dei flaumdempande tiltaka vil ikkje gå utover verneverdiane i vesentleg grad. Flåmsvassdraget er framleis flaumutsett om det vert ekstremvêr og det er difor vi engasjerer oss så sterkt i denne saka, fortel ordføraren.