NRK Meny
Normal

Fryktar for framtida til festivalane i utkant-Norge

Knutepunktordninga tek slutt i si noverande form i framlegget til statsbudsjett. Direktør for Førde Internasjonale Folkemusikkfestival, Hilde Bjørkum, fryktar for konsekvensane.

Dronning Sonja og Hilde Bjørkum

IKKJE NØGD: Festivaldirektør Hilde Bjørkum fryktar for konsekvensane av å kutte knutepunktordninga.

Foto: Simon Solheim/NRK

– Vi var budde på at det kom til å bli nokre justeringar rundt knutepunktordninga. Men vi er ganske overraska og litt skaka over forslaget som er lagt fram, seier Bjørkum.

Regjeringa føreslår at knutepunktordninga tek slutt i si noverande form. All stønad vert vidareført på dagens nivå i 2016. Kulturrådet har fått i oppdrag å utvikle ei meir dynamisk og differensiert festivalordning i dialog med feltet. 13 av 16 knutepunktfestivalar vert overført til Norsk kulturråd.

– Dette er berre lagt over til kulturrådet utan nokre særlege føringar allereie frå 2016. Det tykkjer eg er ganske uansvarleg, seier Bjørkum.

Meiner det er ein skremmande måte å gjere det på

Ho peikar på at festivalen i Førde er ein stor kulturinstitusjon med faste tilsette.

– Vi har eit arbeidsgjevaransvar. Det å leggje det på denne måten er rett og slett skremmande at dei gjer, seier Bjørkum.

Ho meiner at Norge treng nasjonale fyrtårn og kulturinstitusjonar, også utanfor Oslo.

– Alle er tent med at dei vert sikra langsiktig og med avtale med regionen om finansiering. Det står ingenting her om avtalar med fylkeskommunar og kommunar, seier Bjørkum.

Er usikker på konsekvensane

Ho fryktar for konsekvensane.

– Det er som å gå tilbake til 60-talet der det berre er Festspillene i Bergen og i Nord-Norge som ligg att på statsbudsjettet, seier Bjørkum.

Ho seier at dei rett og slett ikkje anar kva dette får å seie for festivalen i Førde.

– Vi blir kasta ut i noko veldig uføreseieleg. Det er lagt så lite føringar i det som er sagt at det rett og slett er uansvarleg. Det er også stikk i strid med konklusjonane i kulturutgreiinga i festivalfeltet for nokre år sidan, seier Bjørkum.

Ho meiner dette er dårleg nytt for festival-Norge.

– Eg kan ikkje forstå at politikarane kan gå med på dette. Det blir laga, presentert og formidla kunst- og kultur på internasjonalt høgt nivå, også utanfor Oslo. Det bør syna att i støtteordningane, seier Bjørkum.

Vegopning på Bergum i Førde kommune