NRK Meny
Normal

Fryktar for framtida i Høyanger

– Rekrutteringa til næringslivet blir skadelidande om skulen vår blir lagt ned.

Høyanger (montasje)

KAN FORSVINNE: Høyanger vidaregåande skule er ein av tre som er føreslege nedlagt i forslaget til nye skulebruksplan.

Foto: NRK

Dette fryktar Terje Søreide som er dagleg leiar i Høyanger Næringsutvikling. Han seier det blir svært vanskeleg å rekruttere folk til næringslivet i kommunen om Høyanger vidaregåande skule forsvinn.

– Heile samfunnet vil bli prega dersom skulen blir vekke, seier han.

Torsdag føremiddag la fylkesrådmannen Tore Eriksen fram sitt forslag til politikarane om å leggje ned dei vidaregåande skulane Luster, Høyanger og Stryn.

Med forslaget vil ein kunne spare 70 millionar kroner. Det vil bli 390 elevar i snitt på kvar av dei resterande ti skulane, mot eit snitt på 325 i dag.

Skuffa og lei seg

Næringssjef Terje Søreide i Høyanger.

SKUFFA: Næringssjef Terje Søreide seier nedlegging av skulen vil få store konsekvensar i framtida.

Foto: Arve Ullebø

Søreide er svært skuffa over innstillinga frå fylkesrådmannen og seier det vil for store konsekvensar for heile regionen.

– Først og fremst blir eg skuffa og lei meg over at fylkesrådmannen kjem med eit slikt forslag.

– Trur det blir rydda opp

Han seier konsekvensane for Høyanger sin del vil bli så store at han no set si lit til at fylkespolitikarane må kome til ein annan konklusjon enn det som ligg i innstillinga frå fylkesrådmannen

– Eg kan ikkje tru anna enn at det blir rydda opp i den tilrådinga som ligg her.

Det er fylkestinget som skal ta endeleg stilling til framtida for skulane på fylkestinget 11. og 12. juni. Dersom politikarane følgjer tilrådinga, vil ein kunne leggje ned dei tre skulane allereie frå hausten 2014.