Hopp til innhold

Fryktar for arbeidsplassar

Ordføraren i Flora fryktar at fylkeskommunen ikkje vil gjere nok for å sikre nær 100 administrative arbeidsplassar i Fjord1 i Florø. Meiner det er feil å vende tommelen ned for storfusjon.

Stavangerfjord i Arsvågen

Fjord1 blir styrt frå Florø. No fryktar ordføraren at politikarane kan gi slepp på 90 arbeidsplassar.

Foto: Jan Kåre Ness

– Eg forventar til dei grader at fylkespolitikarane gjer det dei kan for å sikre Fjord1 sine arbeidsplassar i Florø. Eg kan ikkje sjå noko betre for Fjord1 i framtida enn å fusjonere med ein så sterk aktør og konkurrent som Norled har vore dei siste åra, seier Flora-ordførar Bengt Solheim-Olsen (H).

Fylkeskommunen vurderer å selje eigarskapen sin i Fjord1, og har så langt vendt tommelen ned for at styret går vidare med intensjonsavtalen om å fusjonere med Norled. På same tid kan eit sal av Fjord1 gjere at minst 90 jobbar forsvinn frå fylket.

Tek parti med styret

Solheim-Olsen tek no parti med styret i Fjord1, og meiner arbeidsplassane best er sikra gjennom å fusjonere med Norled.

Bengt Solheim-Olsen

Solheim-Olsen støttar arbeidet for ein fusjon med Norled.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Det verste som kan skje no er at fylkeskommunen berre sel seg ut til ein eller annan aktør som ikkje har interesse av å halde fram i fylket.

Fylkeskommunen har så langt vist tommelen ned for ein storfusjon med Norled. Det overraskar styreleiar i Fjord1 Reidar Sandal, måndag sa han at ein fusjon med Norled ville vere til det beste både for eigarane og for Florø.

– Leiinga og styret i Fjord1 er veldig sikre på at det grepet som vi har føreslått saman med Norled, vil auke verdien til eigarane, inkludert fylkeskommunen. Og ikkje minst vil det vere med på å forsterke grunnlaget både for arbeidsplassar og kompetansemiljø i Sogn og Fjordane. Hensikta har vore den aller beste, seier Sandal.

Sævik interessert i alt

NRK veit at det i mars vart gjennomført ei såkalla indikativ bodrunde der ein kan kartlegge interessa for å kjøpe Fylkeskommunen sin aksjepost i Fjord1. Då var det fleire bodgjevarar, mellom anna Per Sævik sitt selskap Havilafjord som i dag eig vel 40 prosent av selskapet.

Per Sævik

KAN TENKE SEG ALT: Havilafjord-eigar Per Sævik har alt 41 prosent av Fjord1. Men har vist interesse for å kjøpe alt.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Men Havilafjord skal også ha vore opne for ein fusjon med Norled, sjølv om dei i styret av juridiske omsyn var tvungne til å strekke hendene i veret og røyste blankt. Per Sævik seier til NRK at han ikkje vil kommentere saka av respekt for dei prosessane som er sett i gang.

– Vil vurdere det meste

I fylkesutvalet fredag valde ein å gå vidare med sin eigen prosess, der ein ved hjelp av eksterne konsulentar skal vurdere kva som er best for fylket. Men også planen om ein fusjon med Norled skal vere med vidare.

Fylkesutvalet

SA NEI: Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane rår styret i Fjord1 til å ikkje gå vidare med planane om Norled-fusjon no. Dei ynskjer ein opnare prosess.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Etter det NRK forstår er det Senterpartiet som no er opne for å selje aksjeposten, medan Ap framleis er skeptiske. Fylkesvaraordførar Jenny Følling frå Sp seier omsynet til jobbane i Flora også er viktig for Sp.

– Det er viktig å ta omsyn til både arbeidsplassar, men og verdien av Fjord1, og korleis vi legg den beste strategien for selskapet framover.

- Fjord 1 ekstremt viktig

Styreleiar i Fjord 1 Reidar Sandal gjekk denne veka langt i å kritisere fylkeskommunen for å lytte for lite til Fjord 1 si leiing og styre. Framover skal styret ta stilling til om arbeidet med ein mogleg Norled-fusjon skal skrinleggast fram til fylkeskommunen har bestemt seg.

Bengt Solheim-Olsen stiller seg bak Fjord1 styret og seier han håpar på ein fusjon.

– Fjord1 er ei ekstremt viktig bedrift for kommunen, eg har stor tiltru til arbeidet som styret til Fjord1 har sett i gang. Fusjonsplanane er ekstremt spennande, og slik eg ser det er det ein kjempegpd moglegheit til å styrke både selskapet Fjord1 si forankring i Flora kommune.