Hopp til innhold

Fryktar for det lokale handlingsrommet til politiet

Det er umogleg å lese ut av framlegget til statsbudsjett kva det får å seie i kroner og øre for politiet i Sogn og Fjordane før over nyttår. Det seier regionlensmann i Sogn, Arne Johannessen, som fryktar for det lokale handlingsrommet.

Arne Johannessen

VANSKELEG: - Det er for tidleg å seie kva dette betyr for politiet i Sogn og Fjordane, seier regionlensmann i Sogn, Arne Johannessen.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Det er heilt umogleg å sjå kva dette betyr for Sogn og Fjordane. Det veit vi ikkje før Politidirektoratet fordeler pengane i februar, seier regionlensmann i Sogn, Arne Johannessen.

Han peikar likevel på at det er nokre positive trekk i framlegget til statsbudsjett.

– Det er sett av ein del pengar til reformarbeid, IKT og til nye stillingar. Men den store utfordringa til politiet i Sogn og Fjordane er bilparken og pengar til drift, altså den frie disponible ramma. Der er det ingen positive teikn, slik eg les det, seier Johannessen.

Meiner beløpet ikkje er stort nok

Regjeringa føreslår å auke løyvinga med 147 millionar kroner til gjennomføring av nærpolitireforma. Dette skal mellom anna gå til ombygging av politiets eksisterande operasjonssentralar og starte arbeidet med samlokalisering av naudmeldetenestene.

Johannessen peikar på at dette langt frå er noko stort beløp.

– Dette betyr at ein truleg må nytte av driftsbudsjett som allereie er stramme. Vi må minne kvarandre om at analysen sa at heile politireforma kom til å koste om lag 1,6 milliardar kroner over fleire år. Det er ein svær kostnad å drifte ein så stor reform, seier Johannessen.

Vil ha betre fordelingsprofil på politistillingar

Regjeringa føreslår også å auke løyvinga til politiet med 163,2 millionar kroner for å leggje til rette for at nyutdanna frå Politihøgskolen sommaren 2016 skal kunne bli tilbydde jobb i etaten. Dette svarar til om lag 347 nye politistillingar med verknad frå 1. juli 2016.

– Eg håpar berre dei får ein betre fordelingsprofil på stillingane. Til no har det gått veldig mykje til dei store byane og til sentrale institusjonar. Vi må få ein større del av stillingane ut til bygde-Norge, seier Johannessen.

Han peikar på at det også er eit problem at nye stillingar ikkje vert fullfinansierte.

– Då må ein bruke av driftsbudsjettet også der. Det er noko av grunnen til at vi som lokalt politi får mindre handlingsrom, seier Johannessen.

For mykje midlar vert øyremerkte

Han er uroa for handlingsrommet for politiet lokalt.

– Den store utfordringa er at meir og meir pengar vert øyremerkte til spesielle ting. Det gir mindre handlingsrom som leiar til å drifte politiet lokalt, seier Johannessen.

Han peikar på at det også er langt fram til norsk politi får eit velfungerande IKT-system.

– Det er ei tragedie slik det er i dag, seier Johannessen.