Hopp til innhold

Statoil vil kutte aktivitet i Flora, mange arbeidsplassar kan forsvinne

– Vi er ikkje veldig fornøgde med Statoil sitt forslag til konklusjon, seier Flora-ordførar Bengt Solheim-Olsen. Han fryktar mange arbeidsplassar vil forsvinne frå kystbyen.

Bengt Solheim-Olsen og fjordbasen i Florø

FRYKTAR FOR ARBEIDSPLASSAR: Kor stor påverknad ei halvering av Statoil si forsyningsverksemd i Florø vil få, veit ikkje ordføraren, men harn fryktar det fr store ringverknadar.

Foto: NRK/HARALD M. VALDERHAU

– Vi er ikkje veldig fornøgde med Statoil sitt forslag til konklusjon. Dei vil legge inn igjen noko forsyningsaktivitet, fordi konsesjonsvilkåra pålegg dei det, men det som er igjen er omtrent ei halvering av forsyningsaktiviteten frå basen i Florø. Det vil få store ringverknadar for resten av samfunnet, seier ordførar i Flora, Bengt Solheim-Olsen.

I dag hadde selskapet møte med lokale politikarar om kva planar dei har for framtida. Basen i Florø forsyner i dag installasjonane Snorre, Tordis, Vigdis og Vinsund, Gullfaks, Statfjord og Veslefrikk.

I Statoil sine nye planar blir dette redusert til å berre gjelde Snorre og Vinsund. Noko som ordføraren anslår at då vil halvere aktiviteten ved basen. Kor mange arbeidsplassar som vil forsvinne og dei større ringverknadane veit han ikkje konkret i dag.

Meiner selskapet ikkje føl konsesjonskrava

Pressekontakt i Statoil, Ørjan Heradstveit, seier til NRK at dei ikkje vil kommentere saka i dag, men at dei i morgon, fredag, skal legge fram ei melding om basestrukturen for heile landet.

Heller ikkje fylkesordførar Åshild Kjelsnes vart imponert over planane.

– Vi har gjeve klar tilbakemelding på at vi ikkje aksepterer det, for vi forventar at dei forheld seg til konsesjonsvilkår. Vi vil forfølgje planane deira, og ta det opp med sentrale styresmakter, seier Kjelsnes.

Ho seier dei gjorde selskapet klare over at dei meiner konsesjonskrava også stiller krav til forsyninga av fleire installasjonar enn berre Snorre og Viesund.

– Vi var klare på at vi ikkje har nokon arbeidsplassar å miste. Vi har ein låg det av den totale sysselsettinga innan petroleum, samstundes skjer store delar av oljeaktiviteten rett utanfor våre stovedører. Vi forventa auka aktivitet, seier Kjelsnes.

Statoil har under møtet sagt at dei vil halde fram med å utvikle næringa i fylket, men Solheim-Olsen meiner signala var utydelege.

– Det var vage ting, så det er vanskeleg å seie om det er positivt eller ikkje.
Han og Åshild Kjelsnes førebur seg no på å legge fram alle dei beste argumenta dei har for at Statoil skal legge om planane sine.

– Vi vil kontakte Olje- og energidepartementet, og bruke gode argument for å få dei til å kjempe vår sak. Eg forstår at Statoil må gjere det som er best for dei, og dei har fokus på stordriftsfordelar og realisering av synergiar. Men det er betenkjeleg og synd at dei ikkje at Florø og fylket som meir attraktive og meir konkurransedyktige når dei skal gjere sine val for kvar dei vil ha sin aktivitet, seier Flora-ordføraren.

Det er venta at Statoil tek ei endeleg avgjersle i første del av november.