Førstegongsfødande Ann Helen Natvik er ei av mange som no er engstelege. Ho bur i Fortun og må dermed belage seg på ein fleire timar lang biltur til Førde dersom ho ikkje får føde i Lærdal. Og det same kan bli ein realitet for mange av dei fødande i Indre Sogn når fødeavdelinga i Lærdal blir avvikla ved nyttår.
Slit med rekrutteringa
Helse Vest slit med å rekruttere jordmødrer til den nye fødestova i Lærdal, og dermed kan dei fødande måtte ta turen til Førde eller Voss. - Det er langt, og då må ein planleggje ein stund på førehand, spesielt når det er vinterføre, seier Natvik
Fleire ambulansefødslar
Jordmor Torbjørg Hovgaard ser heller ikkje på dette som ein ønskjesituasjon. Ho meiner det kan bli langt fleire ambulansefødslar, og at ein i nokre situasjonar må sende dei fødande inn på førehand. -Vi kan ikkje alltid vente til dei kjem i fødsel, seier ho.