NRK Meny
Normal

Fryktar fleire droppar ut av skulen med fråværsgrense

– Ein total skivebom frå regjeringa i skulepolitikken, seier Daniel Gangeskar (V) og har lite til overs for innføringa av fråværsgrense i den vidaregåande skulen.

Daniel Gangeskar

KRITISK: Daniel Gangeskar og Unge Venstre fryktar følgjene av fråværsgrensa som er vedteken for elevar i den vidaregåande skulen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Daniel Gangeskar reagerer kraftig på at elevar i den vidaregåande skulen ikkje får standpunktkarakter om fråværet er over 10 prosent.

Den nye fråværsgrensa har vore ute på høyring og blir innført frå og med skuleåret 2016/2017.

– Vedtaket frå regjeringa vil svekkje dagens vidaregåande skule endå meir og eg meiner regjeringa her skyver dei svakare elevane framføre seg, seier ungdomspolitikaren frå Venstre.

Ned med fråværet

NRK fortalde tysdag at den nye regelen møter motstand. Fråværsgrensa gjeld ikkje dokumentert fråvær knytt til sjukdom, arbeid som tillitsvalt, politisk arbeid eller liknande.

Elevar og rektorar trur likevel ikkje at dette er rette medisin for å få ned fråværet i skulen, eller får elevane til å møte i tide til timane.

Ikkje vitnemål ved fråver over ti prosent

SJÅ TV-SAK: Frå og med neste skuleår får ikkje elevar med over ti prosent fråvær vitnemålet sitt.

– Eg er skeptisk i forhold til dei som verkeleg slit. Eg ville ikkje ha innført ein slik regel, seier rektor Hallgeir Hansen ved Firda vidaregåande skule.

– Fleire droppar ut

Lise May Sæle

NØGD: Lise-May Sæle og Unge Høgre er nøgde med grensa. – Eg har venta på at det blir stilt krav til oss elevane. Skulking er ikkje greitt når vi er tildelt ein skuleplass, seier ho.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Ei som er glad for innføringa er derimot Lise-May Sæle, leiar i Sogn og Fjordane Unge Høgre. Dette får Gangeskar og Unge Venstre til å steile.

Han viser til at motstand både hos Elevorganisasjonen, lærarar og rektorar, og meiner regjeringa snur ryggen til svakare elevar gjennom fråværsgrensa.

– Eg er stygt redd for at ei slik fråværsgrense vil føre til at dei elevane som allereie slit på skulen vil få det tøffare og ein vil oppleve høgare dropp ut-prosent, seier han.

Fleire helsesøstrer

Gangeskar meiner det er viktigare med fleire helsesøstrer og miljøkoordinatorar i skulane, og at desse får meir ressursar til å gjere jobben sin.

– Det er viktig med godt mottak for elevar som har det vanskeleg. I dag er det ikkje dei med toppkarakterar i alle fag som er vekke, men dei som har visse problem. Det må vi ta på alvor, seier han og håpar å kunne overtyde Unge Høgre om at dette er ein dårleg idé.

– Det vil bli gjennomført, men det er heldigvis aldri eit vedtak som er umogleg å snu på, avsluttar han.