Hopp til innhold

Undervisning utan tak over hovudet

Tillitsvalde ved Mo og Øyrane vidaregåande skule fryktar at både tilsette og elevar skal søkje seg ut av fylket – til skular med naturbrukslinje og eigen ridehall.

Mo og Øyrane vidaregåande skule

UNDERVISER: På Mo og Øyrane vidaregåande skule må hesteundervisninga gjerast utandørs.

Foto: Tor-Erik Humlen / NRK

Alt i 2003 byrja Mo og Øyrane vidaregåande skule (den gong Mo og Jølster vidaregåande skule) tilrettelegging for opplæring innan hestefaget.

Skulen fekk godkjent sin rammeplan for bygging av ridehall i 2006, men heile 8 år seinare er ridehallen framleis ikkje på plass.

Det er venta at hallen vil koste mellom 14 og 16 millionar kroner. No kan det sjå som om bygginga igjen kan bli utsett, som ein følgje av fylkeskommunen sine endra økonomiske rammevilkår frå og med 2015.

Må undervise ute
Harald Løtuft

UTOLMODIG: Harald Løtuft meiner ridehallen må på plass i 2015.

Foto: Tor-Erik Humlen / NRK

Harald Løtuft er medlem i Utdanningsforbundet og underviser i hestefaga til skulen. Han fortel at undervisinga ikkje kan følgje læreplanen når dei må gjere alt utandørs.

– Situasjonen er vanskeleg for dei tilsette, og ikkje minst for elevane. Det er vanskeleg å halde høg kvalitet på undervisninga når vi ikkje har tak over hovudet, seier Løtuft.

– Frå slutten av oktober til langt ut i april månad kan det vere så kaldt at bakken er hard. Alle som har ungar som trenar fotball på hardt kunstgras veit at dei får smerter i beina om dei trenar fleire gonger i veka. Slik er det for hestane òg, fortel han.

Elevar og tilsette søkjer seg vekk

Trine Paulsen er lærling, og Emma Nyløy er elev ved skulen. Dei er oppgitte over situasjonen på vinterstid.

– Vi må tenke hestevelferd. Når banene er blitt harde av kulda slit det på ledd og sener i beina til hestane. Difor må vi vere mykje i skogen for å dra tømmer og ri turar på vinterstid. Dagens ungdom er ikkje interessert i å bruke fire månader av året til å dra tømmer i skogen, seier Paulsen.

– Folk søkjer seg ut av fylket fordi det ikkje er ridehall her. Dei vil kunne trene jamt gjennom heile året. Det er verkeleg synd, for dette er den einaste hestelinja i Sogn og Fjordane, seier Nyløy.

Trine Paulsen og Emma Nyløy

UTE: Trine Paulsen og Emma Nyløy må både trene og få undervising ute.

Foto: Tor-Erik Humlen / NRK

Assisterande rektor ved skulen, Trygve Jacobsen, stadfestar at dei har opplevd at dyktige tilsette har slutta fordi dei får tilbod om arbeid hos andre skular med ridehall.

– Vi mista ein av dei verkeleg kompetente personane innan faget til ein anna skule med ridehall. Arbeidsforholda der var langt betre enn det vi kunne tilby, fortel han.

– For oss er det ikkje noko tid å miste. Vi er fullstendig klar over at fylkeskommunen på nytt har fått endra sine økonomiske rammer, men vi håper at dei vil prioritere denne hallen som vi sårt treng, seier Jacobsen.

Kan ikkje love ridehall i 2015

Sogn og Fjordane fylkeskommune har lenge vore i økonomisk knipe. Dei manglar no rundt 250 millionar kroner.

Norvall Nøringset

MANGLAR PENGAR: Norvall Nøringset i fylkeskommunen sitt hovudutval for opplæring.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Norvall Nøringset sit i Fylkeskommunen sitt hovudutval for opplæring, som skal gjennomgå økonomiprioriteringane både dei komande vekene og fram mot fylkestinget i juni 2015. Han beklagar at den manglande ridehallen går ut over undervisingskvaliteten:

– Dette er eitt av mange prosjekt som vi gjerne skulle ha realisert. Men vi står dessverre i ein situasjon der vi må prioritere beinhardt mellom det vi absolutt må bygge og det vi gjerne skulle bygt.

– Det er heilt umogleg å love noko per i dag, når situasjonen er som den er, seier Nøringset.