NRK Meny
Normal

Fryktar fleire arbeidsplassar skal gå tapt med auka sukkeravgift

Forbundsleiaren i Negotia meiner regjeringa og samarbeidspartia bommar kraftig med auken i sukkeravgifta.

Monica Paulsen, Negotia

SKUFFA: Monica Paulsen er forbundsleiar i Negotia.

Foto: Terje Bergersen

– Det forverrar konkurransesituasjonen for heile næringa. Vi forstår intensjonen bak det, men vi meiner at reduksjonen må skje i samarbeid med bransjen sjølv. Det er det som gjev dei varige løysingane vi er ute etter, seier Monica Paulsen, forbundsleiar i Negotia.

Negotia er ein arbeidstakarorganisasjon som har fleire medlemmar i mat- og drikkebransjen.

Då regjeringspartia og KrF og Venstre vart einige om statsbudsjettet i førre veke vart det auka avgift på blant anna sjokolade, sukkervarer, brus og anna alkoholfri drikke.

For Lerum betyr dette ein kostnad på 16 millionar i året.

Trur pengane går rett ut att

Auken i avgifta skal gje to milliardar kroner inn i statskassa. Men dei pengane vil fort gå med til andre ting, trur Paulsen.

– Ein av konsekvensane er stor fare for at mange arbeidsplassar innanfor desse næringane vil gå tapt. Eg tenker at inntekter på statsbudsjettet som følge av denne avgifta vil fort forsvinna grunna auka arbeidsløyse, seier ho.

I går vart alle dei tilsette på Freia sin sjokoladefabrikk i Oslo kalla inn til allmøte, der arbeidarane skal bli informert om mogelege nedbemanningar.

– Vi meiner dei bommar kraftig og ber om at dei snur. Det må bli slutt på å hasteinnføre nye avgifter i seine budsjettmøte der ein ikkje er i stand til å greie ut konsekvensane, seier Paulsen.

Trine Lerum Hjellhaug på fabrikken

AVGIFTSSJOKK: – Eg er skuffa og fortvila over det regjeringa har gjort. For vår del betyr dette 16 millionar i ekstra avgifter på saft neste år, seier Trine Lerum Hjellhaug som er administrerande direktør i Lerum.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK