Hopp til innhold

Flaum og ras stenger vegar – fleire stadar har også tre velta inn over vegen

Styresmaktene går no ut og åtvarar om stor flaumfare på deler av Vestlandet i helga. Det er venta storm og rundt 180 millimeter nedbør på 48 timar.

Flaum stenger vegen i Stardalen

STENGT: Fylkesveg 453 i Stardalen i Jølster var stengt på grunn av flaum, men er opna att.

Foto: Joar Helgheim

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Vi er vande med at elva fløymer over i dette området om hausten, seier Joar Helgheim i Stardalen.

Vegen inn i Stardalen i Jølster vart stengd etter at Stardalselva gjekk over sine breidder i dag.

Fylkesveg 63 ras

STEINRAS: Fylkesveg 63 mellom Geiranger og Dalsnibba er også stengt.

Foto: NRK-tipsar

Den kraftige nedbøren og vinden som har herja Vestlandet i natt har ført til at til problem for trafikken fleire stader, blant anna fleire tre har velta over vegen.

Berre i Hordaland har vegtrafikksentralen registrert ni.

– Vi har hatt folk ute i heile natt for å rydde, seier trafikkoperatør Tore Tysse.

Det er også mykje vatn på vegane og entreprenørane jobbar fleire stader med å fjerne lauv frå rister, kummar og sluk for å få vantet til å renne unna.

Det er mykje vatn på vegane og fare for vassplaning så folk må køyre etter forholda, seier Tysse.

Det har flauma over på mange fylkesvegar på heile vestlandet. Mange av vegane har vore stengt, men i Rogaland og Hordaland har alle vegane opna att.

I Møre og Romsdal er fylkesveg 63 mellom Geiranger og Langvatn stengt. Laurdag morgon gjekk eit ras mellom Dalsnibba og Geiranger, og heile strekninga er difor stengt.

Fylkesveg 63 ras

FV. 63: Dette steinraset stengde vegen mellom Geiranger og Langvatn i dag tidleg.

Foto: NRK-tipsar

I tillegg er desse vegane i Sogn og Fjordane stengt:

  • Fylkesveg 333 i Luster stengd mellom Skjolden og Mørkrid på grunn av flaum.
  • Fylkesveg 421 er stengt i Horsevika mellom Foss og Hestad på grunn av jordras. Omkøyring via fylkesveg 610.
  • Fylkesveg 609 mellom Førde og Askvoll vart stengd klokka 21 fredag kveld på grunn av fare for ras, og vil ikkje opne laurdag.

    Sjå bileta av dei store vassmengdane:

    Vetlefjorden
    Foto: Anna Cecilie Midttun

Flaum på retur

Statkraft har hatt folk ute både i Høyanger, Vik og Luster for å observere gjennom heile laurdagen. Så langt er det ikkje registrert større skader, men på ein plass er det sett inn gravemaskin for å sikre ein lokal veg i Vik.

– Situasjonen laurdag kveld klokka 19 er stort sett avklart og det ser det ut som flaumen er på retur, seier Norman Kjærvik i Statkraft.

Beredskapen blir likevel halden oppe utover søndagen, fordi ein forventar ein ny runde med sterk nedbør søndag kveld.

Sende ut farevarsel

Norges vassdrags- og energiverk (NVE) sende fredag ettermiddag ut farevarsel på nest høgaste nivå for Sogn og Fjordane og Hordaland.

– Det er venta store nedbørsmengder til helga, også høgt til fjells. Så snøen som har kome vil smelte og renne ut i elvar og bekkar. Det er ein fare for at det vil føre til flaum, seier fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand til NRK.

Det varsla uvêret har allereie fått konsekvensar. Fylkesveg 609 mellom Askvoll og Førde blir stengt frå fredag kveld kl. 21. Fleire ras stengde den same vegen, og isolerte rundt 3000 innbyggjarar i Askvoll då kraftig storm og regn herja på vestlandet i slutten av september.

Vestlendingene må forberede seg på masse regn i helgen. NVE har sendt ut et farevarsel på nest høyeste nivå for Sogn og Fjordane og Hordaland. Statsmeteorolog Siri Wiberg viser hvor det kommer til å blåse og regne mest.

Vestlendingane må forberede seg på masse regn i helgen. NVE har sendt ut et farevarsel på nest høgste nivå for Sogn og Fjordane og Hordaland. Statsmeteorolog Siri Wiberg viser der det kjem til å blåse og regne mest.

Den kraftige nedbøren vil også råke dei andre vestlandsfylka.

Det er også sendt ut jordskredvarsel på gult nivå og med den venta nedbøren er det aukande fare for skred og ras i utsett terreng.

– Folk må følgje med og ta forholdsreglar på eigen eigedom. Dei må sørge for at stikkrenner er opne og rake vekk lauv og opne opp drenering. Om det blir flaum, så må folk halde vekke frå dei mest utsette områda, slår Stensvand fast.

Det er venta opp mot 180 millimeter regn dei neste to døgna og det er venta at det vil regne heilt opp i 1500 meters høgde.

I tillegg skal det blåse liten til full storm på kysten av delar av vestlandet natt til laurdag. Ein må vente seg kraftige vindkast frå sørleg retning. Vinden minkar gradvis frå laurdag morgon, men kan kome opp att i liten storm laurdag ettermiddag og kveld.

Kvar den verste nedbøren vil treffe er høgst uvisst og styresmaktene ber folk om å følgje med på korleis vêret utviklar seg gjennom helga.

Laster Twitter-innhold
Oransje farevarsel