Hopp til innhold

Fryktar Fjord1 blir selt vidare

Det kan vere usikkert kven som til slutt blir Fjord1 sin framtidige eigar dersom fylkeskommunen sel til Per Sævik og Havilafjord. Det seier Frank Willy Djuvik til Firda. Fylkestinget skal ta avgjerd om eit eventuelt sal 23. november etter at saka vart utsett måndag. Djuvik fryktar at minoritetseigar Per Sævik kjem til å selje heile Fjord1 vidare og tene meir på det enn å selje seg ut no.