Hopp til innhold

Bønder fortvilar - fryktar regjeringa sitt forslag vil bety kroken på døra for fleire sauefjøsar

Bøndene fryktar regjeringa kan kome til å nekte tilskot til bønder som vil drive eigen gard ved sida av samdrift. Men regjeringa går no ut og avviser påstandane.

Knut Tore Nes Hjelle

FORTVILA: Knut Tore Nes Hjelle fortvilar over regjeringa sitt forslag.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Berre i Sogn og Fjordane er det vel 300 bønder som driv samdrift. Mange av desse har i tillegg satsa på sau, gris eller høner på eiga hand.

No fryktar dei regjeringa vil vurdere å ta vekk den moglegheita. Samdriftsbonde og sauebonde Knut Tore Nes Hjelle på Nordfjordeid fortvilar.

– Det seier seg sjølv at det vil gå dramatisk ut over sauehaldet i Sogn og Fjordane, seier bonden som i tillegg er leiar i Eid bondelag.

– Vi får berre håpe regjeringa ikkje heilt forstår kva dei har føreslått.

Oppdatering: Regjeringa avviser

Men regjeringa meiner det er bøndene som ikkje har forstått tilbodet frå staten.

No har dei skrive brev til Norges Bondelag, der dei presiserer at bønder som driv mjølkeproduksjon i samdrift skal få halde fram å få tilskot til å drive eigen gard.

I brevet skriv departementet at frykta er ubegrunna. I framlegget til jordbruksavtala vil bøndene framleis få tilskot om dei driv separat produksjon i eige føretak. Det vil seie at alle etter dette kan motta tilskot til same produksjon i fleire føretak, og ikkje berre eigarar av samdrifter som i dag. Føresetnaden er at føretaka ikkje er i driftsfelleskap med kvarandre.

Departementet skriv at dei ikkje har vore tydelege nok på dette i tilbodet i forhandlingane. Alt fredag vart dei kjent med frykta til bøndene, men avslo då å kommentere saka til NRK.

Svært misnøgd med tilbodet

Bonden i Eid har nyleg investert 1,2 millionar kroner i ein splitter ny sauefjøs. For sauekjøt er populært, fårikål, pinnekjøt og smalehovud er viktige delar av tradisjonsmaten her i landet.

Sist veke kom forslaget frå Staten i årets jordbruksoppgjer.

Bøndene kravde 1500 millionar kroner meir i potten, regjeringa svarte med å tilby dei ei auke på berre 150 millionar – ti prosent av kravet.

Fryktar å måtte velje vekk sauen eller mjølka

Knut Tore Nes Hjelle, som også er leiar i Eid Bondelag, er også svært skeptisk til andre delar av regjeringa sin landbrukspolitikk. Berre på 15 år har talet sauebønder rasa frå 22.000 til 14.000 på landsbasis, og Nes Hjelle fryktar regjeringa sin politikk kan føre til ytterlegare nedgang.

I tillegg til sau på eigen gard, har Nordfjord-bonden lenge drive med mjølk, noko han gjer som del av ei stor samdrift.

Men før helga frykta han å bli tvinga til å velje mellom dei to.

– For min del kan dette i verste fall bety at eg må trekkje meg ut av samdrifta, viss eg skal rive med sau i den nye fjøsen min slik eg hadde tenkt, sa Nes Hjelle oppgitt.

(Artikkelen held fram under)

Mangelen på kjøt gjer at det trengst fleire sauer. I dag manglar vi 2700 tonn med sauekjøt.
Ved hjelp at eit nytt moderne fjøs skal det no bli lettare for bønder å drive med sau. Vi har besøkt ein av dei mest moderne fjøsane. 
Foto/red: Stine Kyrkjebø Johansen

SJÅ SAK: I dag manglar vi 2700 tonn med sauekjøt. Nye, moderne fjøsar skal gjere kvardane lettare for bøndene. På Nordfjordeid har ein slik fjøs allereie kome på plass.

Bondelaget delar skepsisen

Mange av samdriftsbøndene i Sogn og Fjordane driv med særleg sau, men også gris og egg ved sidan av mjølkesamdrift.

På denne måten får bøndene utnytta fleire bygg, beiteareal, traktorar og andre maskiner. Organisasjonsarbeidar Merete Støfring i Sogn og Fjordane bondelag meiner denne effektive produksjonen må få halde fram.

– Dette er ei ordning som har vore god, seier ho.

– Forenkling må gjelde for alle partar

Nes Hjelle har ein klar beskjed til politikarane.

– Skal ein snakke om forenkling må det gå begge vegar. Det kan ikkje berre vere ei forenkling for politikarane, det må vere det for bøndene også, sa han frustrert.