Hopp til innhold

Fryktar enorme skadeutbetalingar

Forsikringsbransjen fryktar enorme utbetalingar i samband med "Dagmar" sine herjingar.

Lagerbygget til Kjetil Turlid er knust av orkanen

Skadene etter nyttårsorkanen i 1992 utgjorde 2,6 milliardar 2011-kroner. Det blir enorme utbetalingar denne gongen også.

Foto: Arne Veum

Omrekna i 2011-kroner utgjorde skadene etter orkanen i 1992 2,6 milliardar kroner. Kor store beløp som må betalast ut denne gongen er umogleg å seie. Men det kan bli milliarbeløp denne gongen også.

Tusenvis av skademeldingar


- Det har i løpet av dagen kom inn om lag 500 skademeldingar. Det talet vil stige enormt i dagane som kjem, seier Henning Simonsen, leiar i skadeutvalet i Norsk Naturskadepool.

- Kor mange skader fryktar du det vil kome inn etter "Dagmar" sine herjingar?

- Det er veldig vanskeleg å seie noko konkret om. Vi forventar fleire tusen meldingar, og ser for oss ein stad mellom 5000 og 15000 skademeldingar, seier han.

Mange øydelagde hustak

Simonsen fortel at det hovudsakleg er snakk om skader på hustak, øydelagde garasjar og driftsbygningar og mangde nedblåste tre.

- Dei fleste skadene som blir melde inn kjem frå Trøndelag, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.

2,6 milliardar i 1992

- Omrekna i 2011-kroner utgjorde skadene etter nyttårsorkanen i 1992 2,6 milliardar krone. Kan skadeomfanget bli like stort denne gongen?

- Nei, det trur eg ikkje det blir så høgt. Men dette er svært vanskeleg å seie noko konkret om på førehand, seier Simonsen.