Hopp til innhold

Førsteslåtten gav Karina berre halvparten så mange rundballar som vanleg - fryktar ekstrem fôrmangel

Aldri før har det vore så omfattande vinterskade på fôravlingane i fylket. Hjå fylkesmannen i Sogn og Fjordane har dei fått inn tre gonger såmange søknader om erstatning enn kva dei gjorde i 2011.

Karina Hetle Solheim

KAMP OM MATEN: Karina Hetle Solheim har 166 sauer og lam som skal ha fôr til vinteren. Ho er budd på at det blir knallhard kamp om det fôret som er til sals til hausten.

Foto: Torbjørn Selseng / NRK

Årsaka til elendet er den heilt spesielle vinteren som vi har lagt bak oss. Mildvêr og regn i januar gjorde at det la seg eit isteppe på bøane som vart liggande til over påske somme stader.

Bøndene Ståle og Karina Hetle Solheim måtte så opp att rubbel og bit då våren kom til Viksdalen i Gaular.

– Det er mykje vassarv, og den kjem vanlegvis ved hard beiting, men her er det ikkje beita ein gong, så det blir spennande å sjå kva andreslåtten vil by på, seier Karina Hetle Solheim.

Blir uår uansett

Ute på enga stikk nokre få grastustar hovudet over bakken. Men dei slit, og er i fåtal. Då snøen forsvann her på garden, var alt graset, 165 mål, brunt og daudt.

– Slik som førsteslåtten har vore no, så er det 50 prosent tap, altså berre halvparten så mange rundballar som i fjor. Vi sådde opp absolutt alt vi hadde, så det er heile året som vert øydelagt. Det vert eit uår, uansett korleis ein snur og vender på det, seier Solheim.

Og dei er ikkje åleine. I fylket, og spesielt i Indre Sunnfjord er skadane frå vinteren enorme.

– Dette er nok tidenes skadevinter, seier nestleiar Bjørn Harald Haugsvær på landbruksavdelinga hjå fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ser på bøen
Foto: Torbjørn Selseng / NRK

Får bunkevis med erstatningssøknadar

– Det vi held på med no, er å behandle søknadar om erstatning etter vinterskade. Vi reknar med at vi skal få nær 250 søknadar, og det er tidenes høgste tal, seier Haugsvær.

Han har sett på tal frå tidlegare år, og dei er ikkje i nærleiken av det ein ser i år.

– Det har lege på mellom 0 og ti saker. I 2011, som var eit toppår, så var vi oppe i 70 saker. No passerer vi tre gonger så mykje i år, seier Haugsvær.

Det er den såkalla isbrannen som er årsaka til alle skadane. Ein heilt spesiell vinter med mildvêr og regn etter nyttår, følgd av nokre iskalde månadar, har gjort at det har lagt seg eit teppe av is på bøane. Når graset då byrjar å spire under isen, får det ikkje oksygen og blir kvelt.

– Det er som om vi skulle gå rundt med ein plastpose på hovudet. Det fungerer ei lita stund, og så vil vi stille sovne inn, seier Haugsvær.

Kan vere katastrofalt for bonden

Det er ikkje noko nytt fenomen her i fylket, men aldri før har så mange i så stor utstrekning vorte råka. Og dette vil naturlegvis hjå mange føre til stor fôrmangel til hausten.

– Tidlegare år har det vore einskildområde som har vore skadde. No er det store område på ein gard som er skada, og det betyr også at det er ganske katastrofalt for den einskilde bonde som må fornye mykje, og har tapt mykje avling, seier Haugsvær.

Han legg til at det ser ut til at bonden har gjort jobben, og då vil han også få ein del avling dette året.

Karina Hetle Solheim har ikkje tenkt å miste motet, sjølv om det ser litt mørkt ut på heimebøen.

– Det blir spennande å sjå. Det hjelper ikkje å leggje seg ned å gråte, det veks ikkje gras av det heller. Vi får berre ta ein dag om gongen, og sjå korleis det vert, seier Solheim.