NRK Meny
Normal

Fryktar blodig sumar – ber naboane om hjelp

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes fryktar ein blodig sumar for beitenæringa i Sogn. Bakgrunnen er at rovviltnemnda i Oppland i 2012 laga ny forvaltningsplan.

Sau drepen av jerv i Luster

LUSTER: Sau drepen av jerv i Luster kommune. No fryktar fylkeskommunen ein tøff sumar for beitenæringa i Sogn.

Foto: Statens Naturoppsyn

Då rovviltnemnda for region 3, altså Oppland, endra forvaltningsplanen i 2012, flytta dei sona for fire ynglande jerv nærmare grensa til Sogn og Fjordane.

No ber Kjelsnes naboane i aust om å flytte jerven vekk frå fylkesgrensa.

– Vi ber om at Oppland lagar ei meir naturleg grense, og ikkje følgjer ei fylkesgrense, som dyra ikkje kan sjå.

Fryktar blodig sumar

I fjor opplevde beitenæringa i Sogn og Fjordane store tap til jerv, og i år har berre 3 av 8 jerv i fylket vorte tatt ut. Med jerven frå Oppland i tillegg, trur fylkeskommunen at konsekvensane for bøndene kan verte store.

Åshild Kjelsnes

GJE OPP: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes er redd for at bønder med store tapstal vil gje opp drifta.

Foto: Guro Kvalnes / NRK

– Når vi har dyr på beitet og det er fare for at desse dyra kjem inn i vårt fylke kan vi få store tapstal og store økonomiske tap for bøndene.

– Fryktar du ein blodig sumar?

– Ja, vi gjer det. Og av erfaring frå fleire tidlegare år, veit vi at vi har vore i den situasjonen at bøndene gir opp å ha dyr på beitet og dermed må gje opp drifta.

– Ser ingen grunn til å endre

På grunn av frykta for beitenæringa, sende nyleg Sogn og Fjordane fylkeskommune eit brev til Klima- og miljødepartementet. Der ber fylkesordføraren på det sterkaste om at Oppland legg om soneinndelinga, slik at den ynglande jerven må lenger aust att.

– For det første er brevet sendt til departementet, og departementet godtok forvaltningsplanen vår når han vart vedteken i 2012, seier leiar for rovviltnemnda i Oppland, Ivar Odnes.

Ivar Odnes

GODKJENT: Vår forvaltningsplan er godkjent av departementet, og vi ser ingen grunn til endring, seier leiar for rovviltnemnda i Oppland, Ivar Odnes.

Foto: Silje Josten Lien / NRK

Han fortel at omlegginga vestover i 2012 var for å flytte jerven lenger vekk frå kommunane aust i Oppland, Ringebu, Sør- og Nord Fron, som er dei med størst tettleik av beitedyr. Beitenæringa i desse kommunane er i tillegg pressa av gaupe og bjørn, seier Odnes.

Rovviltnemnda i Oppland skal gå gjennom forvaltningsplanen til hausten, men leiaren ser ingen grunn til endring.

– Med godkjenninga frå departementet som bakgrunn ser eg ingen grunn til å gjere nokre endringar forvaltningsplanen vår, seier Odnes.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast