Hopp til innhold

Fryktar E39-bygging aukar trafikken på sørsida av Jølstravatnet

– Folk på sørsida av Jølstravatnet fryktar auka trafikk og ulukker på fylkesvegen når utbetringa av E39 startar opp frå hausten av.

Fylkesveg 541 i Jølster

OMVEG: Folk som bur på sørsida av Jølstravatnet fryktar mange vil bruke fylkesvegen som omveg medan E39 blir utbetra. Bildet syner Kjøsnesbrua.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Vi trur det blir ein del personbilar som kjem til å køyre på fylkesvegen, spesielt dei som skal til Sogn, seier Per Inge Indrebø, som bur på sørsida av Jølstravatnet der fylkesveg 451 går.

Snart startar arbeidet med å utbetre strekninga mellom Bjørset og Skei på E39 på hi sida av vatnet. Indrebø håpar folk har tolmod til å vente dei periodane E39 blir stengt under arbeidet.

Per Inge Indrebø

UROA: Per Inge Indrebø.

Foto: Privat

– Vi har sett det tidlegare stengingar at det blir auka trafikk på fylkesvegen og at det er høg fart blant mange av dei som køyrer her.

– Det er utfordrande. Det kjem jo gjerne mange bilistar som kanskje ikkje er vande med å køyre på denne smale vegtypen som er her, og som ikkje veit kvar møteplassane er

Det kan føre til ein del farlege situasjonar. Tidlegare har det resultert i ein del uhell, ifølge Indrebø.

– Det har vore ein del bilar i autovernet. Det er ikkje noko triveleg for oss som bur her og som brukar vegen til vanleg.

15 minuttar

Prosjektleiar Svein Reidar Dale i Statens vegvesen seier dei ikkje har fremja fylkesvegen som alternativ rute under anleggstida. Den generelle standarden er for dårleg.

Men vegvesenet vil ikkje ruste opp fylkesvegen.

– Vi meiner at å ruste opp vegen vil auke trafikken monaleg på den sida av vatnet, seier Dahle.

Svein Reidar Dale

BYGGER VEG: Prosjektleiar Svein Reidar Dale i Statens vegvesen.

Foto: Galtung / NRK

Han seier at bilistane ikkje skal vente meir enn 15 minuttar på E39 under anleggstida.

– Vi har retningsliner å følge som seier at på slike vegar som E39 skal ikkje folk vente meir enn eit kvarter. Sidan vi også skal bygge gang og sykkelveg så har vi støre areal å avvikle trafikken på, seier Dale.

Det er ein strekning på 11 kilometer mellom Bjørset og Skei som skal utbetrast. Samstundes skal det byggast ein gang og sykkelveg på 6,5 km frå Skei til Årdal. Frå Årdal til Bjørset blir det utvida skulder med vegbreidde på 9,5 meter.

Inkludert i prosjektet er også ein 2,5 kilometer tunnel i Kjøsnesfjorden. Anlegget skal vere ferdig sommaren 2019.