NRK Meny
Normal

Fryktar døra til indre Sunnfjord kan bli stengd

Med eit svekka HAFS ser Askvoll no på ein storkommune i Sunnfjord som eit av dei to fremste alternativa. Men ordføraren er uroa for at andre kommunar vil blokkere for dei.

Frida Melvær

VANSKELEG SITUASJON: Resultatet av folkerøystinga vil gi kommunestyret i Askvoll ei tøff oppgåve framover, seier ordførar Frida Melvær.

Foto: Steinar Bauge

Sjølv om eit fleirtal stemte for samanslåing, var det HAFS-alternativet som kom dårlegast ut under folkerøystinga i Askvoll. 40 prosent vil stå åleine, men 36 prosent vil vere med i liten SiS.

Ordførar Frida Melvær (H) meiner det blir vanskeleg å ta HAFS inn att, og at åleine-alternativet og liten SiS truleg blir jobba vidare med. Men om kommunen vel å gå for liten SiS, er ho usikker på om det faktisk er mogleg.

– Eg er veldig usikker på korleis dei fire kommunane vil agere om ein eller fleire kommunar rundt Førde stiller ultimatum om at det er berre dei fire som skal delta i ein framtidig kommune – om dei set liten SiS på spel for Askvoll og eventuelt andre Hafs-kommunar.

Vil ikkje seie ja eller nei

Sjølv ser ho liten SiS med Førde som kommunesenter, som det mest framtidsretta alternativet. Ho er særskild uroa for at Jølster kan kome med eit ultimatum.

– Dei har jo sagt det veldig klart at for dei så er det nei eller liten SiS, og noko alternativ finst ikkje for dei.

Oddmund Klakegg

USIKKER: Oddmund Klakegg i Jølster vil ikkje slå fast kva dei gjer om andre kommunar vil inn i liten SiS.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

I Jølster stemte 51 prosent for ein liten SiS. Jølster-ordførar Oddmund Klakegg (Sp) vil ikkje slå fast det eine eller det andre i høve til å opne døra for andre kommunar.

– Om vi kan stille eit slikt ultimatum, det veit eg ikkje. Det blir litt feil i dag å gå ut og proklamere at ein står på den eine eller den andre sida, seier han, men legg til:

– Det er eit stykke frå Jølster til Askvoll. Jølster ligg sentralt midt i fylket, og tek ein reiseavstand mot Askvoll og snur den nordover eller sørover, så kjem ein omtrent ut av fylket. Askvoll er ein flott kommune, men den ligg langt vekke frå Jølster.

– Skal ikkje slamre att døra

I Gaular stemte 52 prosent ja til liten SiS, men ordførar Mathias Råheim (H) poengterer at det var Førde, Naustdal og Jølster dei hadde som alternativ.

– Eg skal ikkje slamre att døra, men dette er noko vi må ta etter kvart. Om Askvoll vil vere med, så vil det kunne få ringverknader. Då vil nok kanskje Fjaler også vere med, og det var fleire i Gaular som ville ha dei med.

I Naustdal sit dei etter røystinga att med to alternativ, å stå åleine eller liten SiS. Ordførar Håkon Myrvang kan heller ikkje gi eit klart svar på om dei vil opne for ein utvida liten SiS.

– Det er for tidleg å seie noko om no. Det må vi ta opp både lokalt her i Naustdal, og i felles formannskapsmøte framover.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.