Hopp til innhold

Fryktar dominans frå Bergen

Leikanger-ordførar Jon Håkon Odd (Ap) tok eit oppgjer med sentralisering i talen sin til fylkestinget. Han fryktar dominans frå Bergen i nye Vestland og følgjene av reformene. – Eg er redd for ein fylkeskommune som vert seg sjølv nok, og ikkje har tid eller krefter til å arbeide i saman med kommunane rundt ho. Eg er redd for at nye Vestland sitt svar på sentralisering til hovudstaden vert ei massiv sentralisering internt i eige fylke. Til Noregs nest største by, sa han mellom anna. Odd viste til at Leikanger i dag er noko anna enn dei var for fire år sidan, med folketalsnedgang og regresjon i bustadmarknaden.

Jon Håkon Odd, ordførar Leikanger
Foto: Bård Siem / NRK