Hopp til innhold

Fryktar han må sleppe sau på beite - med fare for ulv hengande over seg

Bøndene jobbar intenst for å få teke ut ulven som har teke minst fem sauer i Naustdal. Dei er redd for at dei må sleppe sau på beite med uavklart situasjon til neste år.

Held auga ope

ER UROA: Vidar Heggheim og bøndene i Naustdal gjer alt dei kan for å finne ut av situasjonen dei har komme opp i. Dei vil jakte ulv så lenge dei har moglegheiten.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

– Om vi ikkje klarer å finne ut av situasjonen, og ikkje veit noko meir konkret enn vi gjer no, så fryktar eg heilt klart det. Eg har sett så mykje kadaver og avskremde dyr, at det ikkje er nokon god tanke, seier Vidar Heggheim.

Han er leiar i Naustdal Sau og Geit, der bøndene så langt i haust har mista over 30 sauer. Sist veke vart det stadfesta at ulv har drepe fem sauer, men Statens Naturoppsyn kan ikkje avvise at talet kan vere langt høgare.

Bøndene fann nye kadaver i helga

Det er gitt fellingsløyve på éin ulv, men førebels har innsatsen ikkje gitt resultat.

– Vi må berre drive på til vi lukkast. Vi kan ikkje gi oss så lenge det er ein moglegheit, seier Heggheim.

Alt tyder på at ulven framleis er i området, der han skal ha vore observert av fleire personar den siste tida. Bøndene har også funne nye kadaver under sanken i helga.

– Vil vere veldig stor belasting

– For næringa er det veldig viktig at vi finn ut av dette. Om vi ikkje skulle lukkast, vil det ikkje vere kjekt å byrje på neste beitesesong, seier Heggheim.

– Det vil i tilfelle vere ei veldig stor belasting, om vi ikkje veit kor ulven er hen når vi startar ein ny sesong, legg han til.

Statens Naturoppsyn har i løpet av helga fått inn éi ny melding om eit med spor etter det som kan vere ulv. Dette er førebels ikkje stadfesta.