Hopp til innhold

Fryktar butikkdød etter kjøpesentervedtak

Jan Tore Sanner har gitt tommelen opp for handelspark på Brulandsvellene i Førde. No fryktar butikkane i sentrum at dei kjem til å kome tapande ut.

Det vert stor utbygging på Brulandsvellene.

FRYKTAR FOR SENTRUM: Fleire aktørar i Førde sentrum er redde for kva som skal skje når den nye handelsparken blir bygd.

– Eg fryktar at dei kjem inn med store kjedar som driv med lågpris heile året. Då klarar ikkje vi som driv lokalt å henge med. Det seier Roger Aase, som er dagleg leiar hos Sport 1 i Førde.

Han er ikkje den einaste som er litt usikker på framtida i Førde sentrum, etter at kommunalministeren godkjente planane om ein stor handelspark.

Tanken bak handelsparken er at det skal vere store butikkar som skal drive med storhandel. Varaordførar i Førde Bjørn Harald Haugsvær frå KrF trur ikkje dagens sentrum vil bli skadelidande.

Bjørn Harald Haugsvær

HAR TRUA: Varaordførar Bjørn Harald Haugsvær har trua på at det vil bli bra med den nye handelsparken på Brulandsvellene.

Foto: Håvard Heggen / NRK

– Dette har vi jobba lenge for å få til. No kan vi få ei funksjonsfordeling mellom det tette sentrum der folk bur, og eit sentrum der vi kan ha storhandel, seier Haugsvær.

Senterleiar er skeptisk

Han ser altså for seg at det nye kjøpesenteret ikkje vil konkurrere med dagens sentrum, sidan dei skal drive med litt anna type handel. Anne Karin Steen er senterleiar ved Elvetorget i Førde sentrum. Ho er ikkje overtydd.

– Vi er redde for at vi ikkje greier å halde oppe to sentrum. Då er vi redde for at sentrum skal flytte på seg, og at det ikkje er plass til oss, seier Steen.

Anne Karin Steen

KRITISK: Anne Karin Steen er kritisk til at det no blir bygd handelspark på Brulandsvellene.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Opp til oss sjølve

Roger Aase som driv sportsbutikk er skeptisk. Sportsutstyr er nemleg noko av det som har vorte skissert som handelsvare på Brulandsvellene. Likevel er han innstilt på å gjere eein innsats framover.

– Det er jo opp til oss sjølve å bevise at vi kan vere førstevalet, når desse butikkane no kjem der oppe, seier Aase.