NRK Meny

Fryktar bru skal kollapse

Den gamle steinhellebrua på Dregebø i Gaular, som er del av den Trondhjemske postveg, er så skadd at ho kan falle saman, skriv Firda. Folk i området ber Statens vegvesen ta ansvar for brua dei eig. Vegvesenet ønskte å rive brua i samband med utbetringa av E39, men brua berga etter protestar. Tilstanden til brua skal no vurderast.

Trondhjemske postveg ved Dregebøvatnet i Gaular
Foto: Ottar Starheim / NRK
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.