Fryktar betydeleg avlingssvikt

Assisterande landbruksdirektør hos Fylkesmannen, Bjørn Harald Haugsvær, er uroa for fôrsituasjonen til bøndene, skriv Sogn Avis. Han trur bøndene vil oppleve ein betydeleg avlingssvikt i år. Oppmodinga frå den assisterande fylkesdirektøren er at alt areal som kan slåast, bør bli slege i år.