I dag går E16 nærmast over dørstokken på Gram, som ligg mellom Borlaug og Maristova.
Kommunen snudde
Kåre Gram har drive gardsysteri i mange år, og Gunn Oddny Jøingsli sel osten i gardsbutikken sin. Dei trudde på framtida heilt til kommunestyremøtet i Lærdal 12. mai. For administrasjonen og formannskapet gjekk inn for ei løysing som dei var svært nøgde med. Difor vart det eit sjokk då kommunestyret samrøystes valde ei heilt anna løysing.
- Eg er redd dette blir kroken på døra for Gram gardsbutikk. Med det alternativet som kommunen no har valt vil ein ikkje sjå korkje garden eller butikken frå vegen, seier Gunn Oddny Jøingsli.
Fire klager
Dei som bur på Gram er ikkje mange, men dei har sendt fire ulike brev til Lærdal kommune og klaga på vedtaket.
Ordførar Knut O. Aarethun i Lærdal hadde i går ikkje lese breva. Han vil vente med å kommentere saka til han har gjort det.