Hopp til innhold

Fryktar at storklassar vil gi dårleg læring

SOGNDAL (NRK): Elevar og tillitsvalde er bekymra for at nytt fylke vil tvinge fram større klassar i den vidaregåande skulen.

Inger Johanne Kaardal og Ivar Andre Stadheim

BEKYMRA ELEVAR: – Det er store konsekvensar av vala som no blir tekne, og desse konsekvensane må me prate om, seier Inger-Johanne Kaardal. Her saman med Ivar Andre Stadheim.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

Sogn og Fjordane har i dag eit minstekrav på åtte elevar på yrkesfag og 20 elevar på studiespesialiserande. I Hordaland opererer ein med eit oppfyllingskrav på 85 prosent, og 30 elevar på studiespesialiserande. Det er framleis uvisst kva modell ein vil velje for dei vidaregåande skulane i nye Vestland.

– Mi erfaring er at det på yrkesfag krev mykje frå éin lærar å følgje opp 12 elevar. Me har strenge tekniske krav og i mange situasjonar blir me ståande og vente lenge på rettleiing. Dersom elevtalet aukar ytterlegare er eg bekymra for læringsutbytet vårt, fortel Ivar Andre Stadheim, som er elev på Vg2 Elenergi ved Sogndal vidaregåande skule.

Store kutt i vente

Tillitsvald ved Sogndal vidaregåande skule, Kari Margrete Fardal, seier dei bur seg på store kutt i åra som kjem.

– Me ser at det ligg an til ei innsparing på 100 millionar i fylkeskommunen neste år, 36 millionar av desse kan bli teke frå opplæringssektoren. Me fryktar dette vil tvinge fram større klassar og færre lærarar.

Kari Margrete Fardal tillitsvalt ved Sogndal vidaregåande

MYKJE PÅ SPEL: Tillitsvalt Kari Margrete Fardal seier det er mykje som står på spel for fylkets elevar og lærarar.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

Fungerer ikkje for alle

Inger-Johanne Kaardal går tredje året på studiespesialiserande. Ho meiner at det også for hennar studie kan få store konsekvensar.

– Me er heile 30 elevar i klassen. Då seier det seg sjølv at det blir forelesingstimar, med redusert moglegheit for oppfølging av den enkelte. Dette er ikkje ei undervisningsform som fungerer for alle, og råkar både trivsel og læring.

Må differensiere

Leiar i utvalet for oppvekst og helse i Hordaland, Emil Gadolin, meiner politikarane i Vestland er innstilte på å sikre eit godt tilbod over heile fylket.

– Det er ikkje tvil om at me har eit fylke som vil ha ein krevjande økonomi framover, men krav til klassestorleik varierer mykje i Hordaland i dag. Der me skil mellom Odda og Bergen sentrum. Då vil det bli naudsynt å differensiere dette kravet for å sikre eit godt tilbod for heile fylket i tida som kjem.

Råkar struktur og tilbod

Steinar Strømsli i Utdanningsforbundet i Sogn og Fjordane meiner auka elevtal vil resultere i mindre praktisk opplæring på yrkesfaga.

– Verkstadklassane i Sogn og Fjordane er ikkje tilpassa klassestorleiken ein finn i Hordaland. Det vil kunne bety mindre praktisk opplæring og eit dårlegare pedagogisk tilbod.

Steinar Strømsli

MYKJE UAVKLART: Leiar i Utdanningsforbundet i Sogn og Fjordane, Steinar Strømsli, fryktar elevar og lærar ved fylkets vidaregåande skular får kjenne konsekvensane av budsjettkutt dei neste åra.

Foto: Rune Fossum / NRK

Strømsli trur auka oppfyllingskravet i klassane i verste fall vil råke skulestrukturen.

– Me har i dag skular som er heilt på grensa til at dei klarer å eksistere. Dersom det blir strengare grav til oppretting av fagtilbod, er eg redd det brenn eit blått lys for fleire av skulane i Sogn og Fjordane.

Toppar statistikkane

Ferske tal syner at elevar frå Sogn og Fjordane toppar statistikkane i å fullføre vidaregåande skule. Kaarheim gir mindre klassar og praktiske fag delar av æra for dette.

– For mange kan det bli for mykje teoribasert undervisning. Då syns eg det er viktig at yrkesfaga kan vere eit alternativ for dei som ønskjer det. Større klassar og mindre praktisk undervisning er heilt feil retning å gå.

Ho får støtte frå Stadheim.

– Her på elektro er me allereie fleire enn kva det er optimalt å vere når me skal jobbe i verkstaden. Det å auke klassane vil krevje utbygging av skulen.

Fylkesleiar for opplæring i Sogn og Fjordane, Bekka Skaasheim, fortel at dei skal sjå på opplæringstilbodet for neste skuleår i månadsskiftet november–desember.