NRK Meny
Normal

Fryktar at snøskred kan råke vegar julaftan

Snøskredfaren er heva til nest høgste nivå i fleire område på Vestlandet og vegstrekningar kan bli råka av nysnøskred.

Snøskred

FARE FOR NYSNØSKRED: NVE ber folk vere varsame med å gå ut i bratt terreng. Her frå eit snøskred på Harpefossen i Nordfjord.

Foto: Martin Leite Gilleshammer

– Det kjem til å gå ras i fjellet, det er vi nesten heilt sikre på. Enkelte vegstrekningar kan vere utsett under slike forhold, seier Odd Arne Mikkelsen, vaktleiar for Snøskredvarslinga til Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).

Det er venta at uvêret som er på veg innover Norge julaftan vil føre med seg store mengder nysnø, opp til ein meter i høgfjellet.

– Det gjer at vi får store ansamlingar med nysnø i le-områda i fjellet. Det gjer at vi får stor snøskredfare, seier Mikkelsen.

I desse områda er det no faregrad 4 for snøskred:

Han åtvarar folk om å oppsøke skredfarleg terreng, anten at det er så bratt at snøskred kan losne av seg sjølv, eller i område med kjende skredbaner.

– Nett no er det flakskred som er utfordringa. Vi kan forvente at det går fleire skred av seg sjølv, slår han fast.

Mikkelsen seier at varselet førebels gjeld til 1. juledag og oppmodar alle som har tenkt seg til fjells om å følge med på varsom.no. Der blir det lagt ut nye vurderingar kvar dag.