Hopp til innhold

– Dette er det eg vil kalle ein «krøttersti»

BREMANGER (NRK): Han er sjef for ein stor industri og treng ny veg ut i verda. Men no kan politikarane måtte nedprioritere milliardopprustinga av livsnerva for folk og fisk.

Alex Vassbotten på fylkesveg 614

VEGFORKJEMPAR: Alex Vassbotten drøymer om opprusting på fylkesveg 614 i Bremanger. Den er både pendlarveg for nokre av hans 30 tilsette, og transportveg for ein del av oppdrettsfisken hans.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Dette er det eg vil kalle ein «krøttersti». Det er ikkje rare greiene for store bilar.

Det seier fiskeoppdrettaren Alex Vassbotten medan han svingar pickupen sin på den smale fylkesvegen i Bremanger. Han leiar Steinvik Fiskefarm i Eikefjord, og er på veg til anlegget sitt i Svelgen.

Bedrifta hans har kring 30 tilsette, omset for over 400 millionar og hadde eit resultat på nærmare 150 millionar.

Han vil bli større, og treng betre veg for å frakte både folk og fisk.

Vegen han no køyrer på skal etter planen rustast opp for 1,1 milliardar kroner. Men spørsmålet er om fylkespolitikarane kan ta seg råd til det.

Pengegalopp

Hordaland og Sogn og Fjordane har nemleg hatt pengegalopp før samanslåinga til nye Vestland.

Dei har planlagt investeringar for 22 milliardar kroner dei neste fire åra. Det skal byggast skular og vegar, og kanskje eit fylkeshus i Bergen til nesten 1 milliard i tillegg.

Det er kanskje meir enn kva storfylket kan bere, sidan dei allereie er tynga av gjeld.

Fylkesrådmann Rune Haugsdal åtvarar om at prosjekt kan bli utsett, sett på is eller i verste fall avlyst.

– Spørsmålet er om vi kan ha ein så ambisiøs investeringsplan, eller om det er prosjekt som må skyvast litt i tid.

Tæring etter næring

– Har fylkespolitikarane gjeve innbyggjarane falske forhåpningar ved å vedta så ambisiøse investeringar?

– Det vil eg ikkje ha noko oppfatning av. Det får vi sjå på når vi jobbar oss gjennom dette. Men eg reknar med både politikarane og innbyggjarane har forståing for at det må vere samsvar mellom inntekter og utgifter.

Dei skal no gå gjennom alle investeringane i neste møte i fellesnemnda. Så skal det nye fylkestinget til hausten vedta kva investeringar som faktisk skal gjennomførast.

Anne Gine Hestetun, Rune Haugsdal

PENGEPROBLEM: Fylkesrådmann Rune Haugsdal (midten) prøver å få kontroll over pengebruken i det nye storfylket. Då må politikarar som Anne Gine Hestetun (Ap) og Bjørn Hollevik (H) kanskje finne fram sparekniven.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

By og land – mann mot mann?

I førre veke var lokalpolitikarar frå heile Vestland samla i Førde for å bli kjent med kvarandre. Dei kan fort bli motstandarar viss dei ulike prosjekta no blir sett opp mot kvarandre.

NRK snakka med ei rekkje av ordførarane. Dei vedgår at det kan bli ein kamp om kronene, men alle håpar at deira eigne prosjekt skal få overleve.

På vegen i Bremanger håpar Alex Vassbotten at Kystvegen skal få pengane som er lovd.

Han har nemleg store planar vidare.

– Det er fire år sidan vi etablerte oss i Svelgen. Og då vi investerte 80 millionar hadde vi i tankane at vegen skulle kome. No har vi akkurat vedtatt nye 350 millionar i investeringar. Kanskje blir det 300 til.

– Det vil bety mykje for oss å få betre veg. Men endå meir for dei som bur her. Dei har venta lenge. No må storsamfunnet stille opp.

Alex Vassbotten

PÅ TUR: Det er dyrt for både bedrifter og folk å bruke lang tid på å køyre kronglete vegar.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK