Fryktar at kongen si favorittelv skal bli øydelagt

LÆRDAL (NRK): Elveeigarane er uroa for framtida til laksen etter at Lærdalselvi flauma over. No gir dei Vegvesenet skulda for det grumsete vatnet.

Mark Brooks med eit vinglas med vassprøve frå Lærdalselvi

UROA: I dette vinglaset har elveeigar Marks Brooks teke ei vassprøve frå Lærdalselvi. Han er uroa for kva vassprøvene kan syne.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Eg fryktar fisken er hardt råka, og er redd at eit så ureint vatn gjer at dei ikkje klarer å puste.

Aldri har Brooks sett elva så møkkete som no. Då han tok vassprøver frå vasskorpa på både Lærdalselvi og sideelva Kuvelda måndag kveld, var vatnet mørkt. Han og elveeigarlaget er bekymra for korleis vatnet kan påverke laksen.

– Lærdalselvi er ei veldig viktig for heile Noreg, og når slike hendingar skjer er det ekstremt fortvilande, seier Marks Brooks i Lærdal elveeigarlag.

Meiner Vegvesenet har skulda

Lærdalselvi i Sogn er eit nasjonalt laksevassdrag, og har i generasjonar vore ei av dei best kjende lakseelvene. Hit kjem blant anna kong Harald for å fiske.

No har Brooks samla vassprøvane frå elva i eit vinglas. 3 centimeter i glaset er sand og skit. Resten av vatnet er brunt og grumsete.

– Det er veldig illustrerande for å forstå kor mange tusen tonn med masse som kom ned i Lærdalselvi, når det er 3 centimeter berre i dette glaset, seier han.

Store vassmengder i ei sideelv til Lærdalselvi i Tynjadalen

KRITISK: Elva har teke med seg mykje stein og masse, og ein god del av ein grusveg som gjekk opp gjennom Tynjadalen.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Han meiner at Vegvesenet sitt arbeid med å flaumsikre elva for fire år sidan ikkje var godt nok, og at det er ein av grunnane til at det har kome masse og stein i elva.

– Det er utfordrande å kjempe mot naturen, men dette er også menneskeskapte hendingar. vegvesenet har gjort ein fantastisk flott jobb med å sikre deponiet, men eg føler det er blitt skofta litt på utskiftinga. Dei kan umogleg ha gjort ein god nok jobb med det nye elvelaupet, alt saman har reist ut i Lærdalselvi, seier lakseeigaren.

– Vi kan ikkje stå til ansvar

Seksjonsleiar i Statens vegvesen, Eivind Yttri, meiner dei ikkje har same syn på kva som har skjedd.

– Vi er einige i at det er gjort omfattande tiltak for å sikre elva, men vi har nok ikkje eit felles syn på at dette er vegvesenet si skuld. Eg tvilar ikkje vassprøvene, men det er mange plassar der elva grev både oppstraums og nedstraums ved deponiet vi har grave. Vi meiner det er summen av dette som gjer at elva no er forureina, seier Yttri.

Sideelva Kuvelda gjorde skade då den flauma over i 2014. Vegvesenet bygde og demma så opp eit deponi, slik at elva skulle greie å ta i mot store vassmengder

– Dei har sikkert rett i at det er annleis ved deponiet enn det er no, men vi kan ikkje stå til ansvar for dette, seier Yttri.

Kong Harald får laks i Lærdal

FAVORITTELVA: Mange kjem til Lærdalselvi for å fiske laks, blant dei er også kongen.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK