Hopp til innhold

Fryktar at hovudmann i dopingliga skal rømme landet igjen

Politiet fryktar at hovudmannen i den største dopingsaka i Noreg skal rømme landet. Førre veke blei 37-åringen pågripen og sett i varetekt, før dommen mot han er rettskraftig.

Thailand

I THAILAND: Retten meiner at mannen er den sentrale i ein liga som laga nok dopingmiddel til å forsyne 3500 doparar i eitt år.

Foto: Privat

Sunnfjordingen er dømd til åtte og eit halvt års fengsel etter den såkalla mafiaparagrafen for å ha vore hjernen bak ein liga som forsynte nordmenn med anabole steroid via nettbutikkar. I alt sju menn blei dømde i saka førre veke. Han innrømte straffskuld i retten.

No meiner påtalemakta det er stor sjanse for at mannen vil prøve å kome seg vekk frå Noreg for å sleppe å sone den lengste straffa i ei norsk dopingsak. Difor gjekk politiet til aksjon og arresterte mannen straks etter at dommen var kjend 28. august.

Dreiv bar i Thailand

Grunngjevinga er mellom anna at 37-åringen var på rømmen i fleire år frå norsk politi. Mellom anna rømte han til Thailand der han gifta seg og dreiv ein bar ved sidan av kriminell mafiaverksemd.

Då det byrja å brenne under føtene på han der også, stakk han av igjen og blei til slutt pågripen i Russland. Der sat han fengsla og internert under svært vanskelege soningstilhøve i nær eitt år før han blei utlevert til Noreg.

Bergen tingrett er samd med politiet at den dømde bør sitje i varetekt i alle fall dei neste fire vekene. Det bør også vurderast om han bør sitje bak lås og slå til han kan starte soninga av den lange fengselsstraffa, meiner tingretten.

Mannen har anka dommen der han blei dømd til over åtte år i fengsel, blant anna fordi han nektar for å ha drive med mafiaverksemd.

Kartutsnitt dopingsak RETT

RØMMINGSRUTA: 37-åringen frå Sunnfjord var lenge på rømmen etter at han blei internasjonalt etterlyst. Til slutt blei han tatt i den russiske byen Brjansk.

Foto: NRK

Ankar pågripinga

Retten meiner at han har passa godt på meldeplikta og har hatt god dialog med politiet.

– Retten finn likevel at det samla sett er tilstrekkelege haldepunkt for at det er god grunn til å frykte at sikta vil unndra seg forfølginga utan varetektsfengsling, skriv Bergen tingrett.

Mannen sin forsvarar, Sol Elden, fortel at dei har anka avgjerda om varetekt.

– Vi meiner at vilkåra for å varetektsfengsle han ikkje er oppfylt, skriv Elden i ein SMS til NRK.

Fengselet i Brjansk

INTERNERT: I russiske Brjansk sat den dopingdømde mannen fengsla og internert under vanskelege tilhøve.

Foto: prisons.net