Hopp til innhold

Her skal dei gjere grunnundersøkingar heile neste veke – rektor vil skysse elevar forbi i båt

Skulevegen til vel 50 elevar ved Dalsøyra skule i Gulen blir stengd i minst to veker til. Rektoren forventar at det blir stabla på beina ei trygg skuleskyssløysing snarast. Helst vil han sende barna i båt.

Ras Dalsøyra

FUNDAMENTET RASA UT: På vel 20 meter av vegen rasa heile grunnen under vegen vekk grytidleg torsdag morgon.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

– Eg meiner ei båtrute må vere eit godt alternativ, dersom dette blir noko som går over fleire dagar eller veker. Det veit vi jo ikkje enno, seier rektor Agnar Mostrøm.

Vel 50 av dei 63 elevane på Dalsøyra skule kjem seg ikkje dit i dag heller, etter at fylkesveg 57 sør for Dalsøyra har vore stengd etter at deler av vegen rasa ut natt til i går.

Vegvesenet startar måndag opp arbeidet med å gjere undersøkingar av grunnen under vegen. Dette arbeidet vil kunne ta iallfall ei veke, og i mellomtida vil vegen vere heilt stengd.

Knust naust på Dalsøyra

KNUSTE NAUST: Rasmassane som sklei ut under vegen øydela eit naust nede ved fjorden.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

For rektoren er det avgjerande at det kjem på plass ei skuleskyssløysing som kan starte opp over helga.

– Det er veldig viktig. Vi må tilby elevane skule, og frå måndag av må det vere oppretta eit tilbod som er sikkert og trygt.

Må finne ut kva massar som er i området

Undersøkingane geologen gjorde i går tyder på at det er kraftig regn som har ført til utrasinga. Det er ein del lausmassar i grunnen, og det må borast ned til fast fjell før Vegvesenet veit korleis dei skal byggje opp att vegen.

– Det kjem ein borerigg måndag. Då vil dei undersøke kva type lausmassar det er og tjukkleiken på massen, seier byggjeleiar Solfrid Kvamme i Vegvesenet.

Prøver av massane blir deretter sende til eit laboratorium for undersøkingar.

Avhengig av kva fagfolka finn ut om massane, kan det bli aktuelt å gjere undersøkingar av grunnen i eit større område. Kor lang tid det vil ta før det er bygd opp att ein veg der folk kan køyre forbi staden på, er heilt uvisst.

– Det er vanskeleg å seie kor lang tid det vil ta, og om det er mogleg å lage ein lokal omkøyringsveg. Det kjem an på kva massar dei finn i området.

Dalsøyra skule i Gulen

KJEM SEG IKKJE HIT: Storparten av elevane på Dalsøyra skule i Gulen bur sør om staden der fylkesveg 57 no er stengd. Dermed er det glissent i rekkene også fredag.

Foto: Ådne Dyrnesli / NRK

Båtskyss eller buss på kvar side

Fylkeskommunen, som er ansvarleg for skuleskyssen, jobbar med to ulike alternativ for skuleskyss for elevane som bur på sørsida av vegstenginga. Det stadfestar assisterande fylkesdirektør for samferdsle, Øystein Hunvik. Han seier dei skal ha ei løysing på plass innan måndag.

Det eine alternativet er å setje opp ei båtrute mellom Eidsbotn og Dalsøyra, medan det andre er at elevane blir skyssa i buss, der dei går forbi det stengde området.

– For å få til det siste må rasstaden vere heilt sikker. Vi kan risikere at det blir ein anleggsplass, seier rektor Mostrøm som helst vil ha elevane skyssa i båt.

Omkøyringsvegen for dei som til vanleg brukar fylkesveg 57 forbi Dalsøyra er å køyre rundt via Masfjorden, E39 og Instefjord.

– Det blir ein altfor lang veg for elevane, seier rektoren.