Hopp til innhold

Ekspertane trudde at breen ville vekse - no er det stikk motsette i ferd med å skje

Forskarane har trudde at Nigardsbreen fremst i Jostedalen ville vekse. Men alt tyder no på at det stikk motsette er i ferd med å skje.

Forskar fryktar at Nigardsbreen vil minske, ikkje vekse slik ein har trudd.

MINKAR I MENGDE: Majestetiske Nigardsbreen er i ferd med å gå tilbake, ikkje vekse slik forskarane trudde ville skje. Det uroar Pål Kielland ved bremuseet.

Måleinstrumentet til fagansvarleg ved bremuseet i Fjærland, Pål Kielland, viser at det ikkje er lenge sidan han kunne stige rett opp på Nigardsbreen nesten nede ved brevatnet.

Trass i det har 10.000 menneske vorte ført opp hit i sommar – medan 50.000 har vore framme og sett på Norges mest besøkte og tilgjengelege isbre.

Ifølgje ekspertisen skulle eigentleg breen veksa fram att dei komande åra – men svakheitsteikna tek til å bli illevarslande.

– Om nokon år, så bør breen kanskje byrje å vakse att på grunn av snørike vintrar på 90-talet. Men no er den så tynn her nede at det byrjar å kome fram meir berg. Det er eit dårleg teikn, seier Kielland.

Berget kjem fram

Her er breen blitt åtte meter lågare i løpet av sommaren – og framleis minkar det. Det minkar så mykje – at no tek fjellet til å stikka opp gjennom breen – Dermed blir det vanskeleg å sjå for seg at breen skal veksa i nær framtid.

– Høg vassføring no så langt utpå hausten, og framleis er det varmt i vêret. Dette holet i isen var mykje mindre tidlegare i sommar. Det ser ikkje bra ut for at breen vil gå mykje fram, seier Kielland.

Varsel om varmare tider?

Og han får støtte frå leiaren i breførarlaget i Jostedalen, Steinar Bruheim. Få nolevande har vore så mange gonger på breen som han.

– Det er kanskje eit varsel på at vi er på veg inn i varmare tider. På grunn av den sterke smeltinga vi har, så vil nok fronten på Nigardsbreen halde fram med å trekkje seg oppover i fjellsida, fryktar breførarleiaren.