Fryktar arbeidsplassar forsvinn

Norge og fylket må få fram ein leverandørindustri til vindmøllenæringa før det er for seint.

Vindmølle
Foto: Rainer Prang / NRK

Det var den samstemde konklusjonen etter eit vindkraftseminar på Sandane i går.

- Det går an å tenke, drøfte og planlegge, men toget går no. Dersom vi ikkje posisjonerer oss no når vi har høve til det, så sit vi der, seier administrerande direktør i Vestavind Kraft, Håkon Sandvik.

- Toget går no

Sogn og Fjordane vert rekna som eit kjerneområde for vindkraft i Norge, men det er lite lokal kompetanse på å bygge og drive vindparkane. Sandvik, fryktar at arbeidsplassar kan forsvinne ut av landet.

- Dersom vi skal vere med og dersom vi skal arbeide for at vindressursen skal bidra til utvikling av norsk næringsliv og arbeidsplassar, så må vi vere der no, seier han.

Vinid større enn bil

I Tyskland har leveransar og drift av vindmparkar blitt storindustri. I fylgje Håkon Sandvik sysselset bransjen i dag 80 000 tyskarar og er blitt større enn bilindustrien.

- Det illustrerer kva ein kan få til dersom ein satsar på det. Tyskland er kjend som ein skikkeleg stor bilnasjon, men vind er altså større i tal arbeidsplassar, seier han.

Har fått napp

I Norge er vindkraft på land og i havet utpeika som eit satsingsområde. Men lite har skjedd. Men, det er ikkje berre stillstand. I Måløy har teknologimiljøet fått sine fyrste oppdrag frå vindmølleindustrien. Endre Kvalheim i fresebedrifta Easy Form fortel om positiv interesse frå mellom anna danske kundar. Verksemda produserer såkalla pluggar, som er støypeformer som kan nyttast til å lage ferdige produkt av komposittmateriale.

- Vi starta litt før sommaren med ei relativt roleg tilnærming til bransjen og har sett at vi ganske fort fekk napp og at vi har noko i den bransjen å gjere, seier han og trur at vindmøller kan bli ein ny storindustri langs kysten.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.